Årsplan Barnebo barnehage

15 Vi samarbeidar med

I dette kapittelet finn du ei oversikt over våre samarbeidspartnarar.

Gossen barne- og ungdomsskole

Barnehagen skal i samarbeid med foreldre og skolen leggje til rette for at barnet kan få ein trygg og god overgang frå barnehage til skole, og eventuelt skolefritidsordninga. Barnehagen skal bidra til at barna kan avslutte barnehagetida på ein god måte og møte skolen med nysgjerrigheit og tru på eigne evner.

Rammeplan for barnehagen

  • På hausten året før skolestart startar vi samarbeidet kring barn med særskilte behov
  • Vi evaluerer førre års overføring og plan saman med lærarane i oktober
  • I mai/juni har pedagogiske leiarar og 1.klasse-lærarar møte for å utveksle informasjon kring kva som har vore gjort i førskoleklubben, og om barnegruppene. Informasjon om det enkelte barnet vert skrive i eige skjema i samarbeid med foreldre. Vi hentar alltid samtykke frå foreldra om overføring av informasjon.
  • I mai får barnehagen besøk av fadderklassa
  • Barnehagen leiger buss som køyrer barna til førskoledagen på skolen. Der får dei treffe lærarane og bli kjent med skolen, SFO og uteområdet.
  • Vi går fleire turar og besøkjer skolen og leiker på leikeområdet der
  • Første klasse besøker barnehagen på hausten og på våren
  • Alle førskolebarna får heile planen for samarbeidet om overgangen mellom barnehage og skole

Bergetippen barnehage

Bergetippen på Julsundet og Barnebo er dei to kommunale barnehagane som til saman kallar seg Aukrabarnehagen. Vi har felles møtearena i styrarmøtet som er koordinert og leia av pedagogisk rådgjevar. Barnehageopptaket er samordna, og i tillegg samarbeider vi om ulike faglege og administrative oppgåver, og om utviklingsarbeid.

Kulturskolen

Aukrabarnehagen er i ein prosess der vi skal sjå på korleis kulturskolen skal vere eit ressurssenter for barnehagen.

Biblioteket

Førskolebarna har faste besøk med høgtlesing på biblioteket. Av og til har også kulturskolen ein aktivitet saman med barna etter lesestunda. 

Alle barna på barnehagen har fleire turar til biblioteket for å låne bøker i løpet av året.

Elevar og studentar

Vi tek imot elevar og studentar i praksis. Det kan vere ungdomsskoleelevar i arbeidsveke, elevar frå vidaregåande utdanning, språkpraksis i vaksenopplæringa, arbeidstrening eller studentar frå høgskolar. Dei har same teieplikt som dei tilsette.

Pedagogisk psykologis teneste (PPT)

PPT er ein av dei faglege instansane som kan gje sakkunnig tilråding om spesialpedagogisk hjelp, eller når eit barn skal ha fortrinnsrett ved opptak til barnehageplass etter barnehagelova § 13. Foreldra må alltid samtykke dersom vi vil gå inn i eit konkret samarbeid med PPT. Foreldra skal delta aktivt i samarbeidet.

Barnevernstenesta

Barnevernet er ei hjelpeteneste for familiar med barn som av ulike årsaker treng ekstra hjelp eller oppfølging. Barnehageplass er eit av dei tiltaka som barnevernet kan setje inn. Barnehagen har opplysningsplikt til barnevernet om tilhøve der det er grunn til å tru at eit barn vert mishandla eller utsett for andre former for alvorleg omsorgssvikt. Vi har faste samarbeidsmøte fire gonger i året.

Helsestasjon

Helsestasjon driv førebyggjande og helsefremjande arbeid for barna i kommunen. Dei kan og vere sakkunnig instans ved tilråding om prioritet ved opptak. Vi har samarbeid med helsestasjon og foreldre kring enkeltbarn, og ved ulike problemstillingar som dukkar opp gjennom året, til dømes oppkast, diaré, lus og augebetennelse.

Lokalsamfunnet

Barnebo samarbeider med ulike instansar og personar i Aukra for å gje barna opplevingar, kunnskap og tilknyting til ulike område i nærmiljø og lokalsamfunnet.