Overgang frå barnehage til skole

Kva skjer i overgangen mellom barnehage og skole?

Skolane og barnehagane i Aukra Kommune har ein plan/eit årshjul for samarbeid mellom barnehage og skole. Årshjulet inneheld følgjande oppgåver:

  • kor tid barnehage og skole skal møtast
  • kven som har ansvar 
  • kva som skal vere tema
  • informasjonsflyt kring barn med spesielle behov
  • utveksling av erfaringar kring enkeltbarn og barnegruppa generelt.
  • føringar for når barna og foreldre skal få møte skolen, SFO og kontaktlærarane.

Kva er tema når barnehagen og skolen møtast?

Eit viktig tema når pedagogane frå barnehagen og skulen møtast, er å verte kjent med kvarandre sin pedagogikk. Det er nyttig for lærarane å kjenne til korleis ein har jobba med læringsomgrepet og med læringsprosessar i barnehagen.

Læraren får innblikk i kva barna har hatt som tema og korleis dei har arbeidd med det. Dette er nyttig å vite når ein startar opp med 1. klasse og skal legge til rette for ei best mogleg tilpassa opplæring og tryggleik kring skulestart. Det er og nyttig for pedagogane i barnehagen å få kunnskap om kva som ventar barna i 1. klasse, kva faglege mål det skal jobbast mot, kva for undervisningsmetodar som vert nytta og korleis barna blir best budd på overgangen til skolen.

Kva opplysningar har barnehagen om barnet?

Alle barn i barnehagen har ei mappe der det er lagra nødvendig informasjon. Det kan vere observasjonar, samandrag frå foreldresamtalar og bilete som dokumenterer barna si læring og utvikling. Barnehagen har rutinar for sletting av materiell som berre skal nyttast til intern bruk. På møtet mellom kontaktlæraren og den pedagogiske leiaren, er og kvart enkelt barn tema.

For barn med spesielle behov etter opplæringslova, er det særs viktig å ha gode planar for overgangen mellom barnehage og skole. Det er viktig for foreldra at ein vert møtt med særleg initiativ frå skolen sin side, og at rammene er klare og føreseieleg. Samarbeid med PPT og andre hjelpeinstansar skal vere med på å legge til rette for ei best mulig tilrettelegging.

Barnehagen har ansvar for at skulen allereie 3 til 4 år før skolestart, får melding om tilrettelegging for barn med funksjonshemmingar. Minoritetsspråklege foreldre og barn må bli møtt med særleg støtte og rettleiing. Dei må få vite korleis ein legg til rette språkundervisninga og ein må finne formålstenleg gode samarbeidsrutinar der språkbarrierane ikkje vert til hinder. 

Samtykke til at barnehagen kan gje informasjon vidare til skolen

Barnehagen er opptekne av at denne informasjonen skal vere relevant og til beste for barnet. Informasjonen skal gje eit positivt og oppriktig inntrykk.

For å kunne gje denne informasjonen må foreldra skrive under på ei erklæring om samtykke. Du får melding frå barnehagen når det er aktuelt å signere samtykket. 

Vil du vite meir om overgang barnehage og skole?

Plan for overgang mellom barnehage og skole (PDF, 72 kB)

Kontakt

Marianne Bolghaug
Pedagogisk rådgjevar
E-post
Mobil 91 51 01 68

Opningstider

Kommunehuset

Ekspedisjon: Kl. 10.00 til 14.00

Sentralbord: Kl. 9.00 til 14.30