Informasjon om barnehageplassFristen for å søkje hovudopptaket er 1. mars og oppstarten for nytt barnehageår er 15. august. Når har barnet rett til barnehageplass? Barnet har rett til plass dersom barnet bur i kommunen, har fylt 1 år innan utgangen av november det året du søkjer plass frå, og har søkt innan fristen for hovudopptaket. Dersom barnet vert 1 år i løpet av august det året det vert søkt om plass, har barnet rett på plass innan utgangen av august. Dersom barnet fyller 1 år i september, oktober eller november det året det vert søkt, har barnet rett på plass innan utgangen av den månaden barnet vert født. Når barnet har fått barnehageplass, har barnet rett på plassen fram til skolestart. Aukra kommune har eitt hovudopptak i året. Plassar som vert ledige i løpet av året vert fortløpande tildelt til søkjarar som står på venteliste. Venteliste Står barnet ditt på venteliste? Ved ledig kapasitet gjennom året, vil ein fortløpande ta inn barn frå ventelista. Barnet må vere fylt 1 år. Dersom det er fleire på venteliste, vert det prioritert etter følgjande: Barn med spesielle behov der barnehageplass er tilrådd av fagleg instans som t.d PPT, lege eller helsesøster. 5-åringar som ikkje har gått i barnehage før. Barn frå familiar der begge foreldra / einsleg forsørgjar er i arbeid / under utdanning. Stiller barna elles likt, skal den som har søkt først, ha fortrinn. Kva kostar ein barnehageplass? Foreldrebetaling barnehage frå 1. januar 2023 Full plass (100%) 4 dagar i veka (80%) Kostpengar 3 000 kr 2 400 kr 15 kr per dag Les meir om søskenmoderasjon og redusert foreldrebetaling/gratis kjernetid. Slik søkjer du barnehageplass Logg inn på føresettportalen i Visma Barnehage og fyll ut søknadsskjemaet om barnehageplass. Du logger deg på med ID-porten. Du må velje kva tilbod du søker på. Du kan søkje om barnehageplass maksimal eitt år før ønskt oppstartsdato. Søk om barnehageplass Søknadsfrist barnehageplass Fristen for å søkje hovudopptaket er 1.mars og oppstarten for nytt barnehageår er 15.august. Du kan søkje om barnehageplass heile året, men då får barnet plass når barnehagen har ledig kapasitet. Du kan søkje om barnehageplass maksimalt eitt år før ønskt oppstartsdato. Når får du svar på søknaden om barnehageplass Når søknaden er sendt inn, får du ein e-post om at søknaden er motteke. Vedtak om barnehageplass kjem til deg i føresettportalen i Visma. Du må logge inn på same måten som når du har søkt om plassen. Du må svare i føresettportalen i Visma om du tek i mot plassen. Svar på søknaden får du i mars/april i søknadsåret. Eg vil gjere endringar med barnehageplassen Søke om endring av barnehagetilbod Har du allereie barnehageplass, men ønskjer å endre til eit anna tilbod, kan du søke om det. Logg inn på Visma barnehage og fyll ut søknadsskjemaet om barnehageplass. Du logger deg på med ID-porten. Du må velje kva tilbod du søker på Søknaden vert sendt elektronisk til Aukra kommune. Du kan søkje om endring av tilbod gjennom heile barnehageåret. Eg vil seie opp barnehageplassen Oppseiing av barnehageplassen Logg inn på Visma barnehage. Du logger deg på med ID-porten. Frist for oppseiing av plass er 1 månad før barnet skal slutte. Oppseiingstida vert rekna f.o.m. 1. i månaden etter oppseiing, og ein månad framover. Barnet har høve til å behalde plassen i oppseiingstida. Ved sluttdato i månadene april, mai og juni, må du betale for plassen resten av barnehageåret. Det vil seie at det er tre månader oppseiingstid etter 1. mars. Kontaktinformasjon barnehage Har du spørsmål om søknad om barnehageplass, kan du ta kontakt med vår pedagogisk rådgjevar Marianne Bolghaug. Ta kontakt med Marianne Klage Slik klagar du på eit enkeltvedtak Dette vedtaket er eit enkeltvedtak som du kan klage på. Klagefristen er 3 veker frå du fekk vedtaket frå kommunen. Klagen sender du til: Aukra kommune Nyjordvegen 12 6480 Aukra Eller du kan sende klaga på e-post til post@aukra.kommune.no Publisert 02.07.2018 14.59 Sist endra 15.06.2023 00.34