Årsplan Barnebo barnehage

5 Glad i naturen - glad i å vere ute

Det kompetente, kreative og nysgjerrige barnet er utgangspunktet vårt for aktivitetar og tema-arbeid. Vi legg til rette for at barna skal få undersøkje og teste hypotesane sine i eit stimulerande miljø. Respekt for alt liv, gjenbruk for eit betre miljø og ei berekraftig utvikling, og mykje ute i all slags ver, er viktig for oss. Vi tenkjer at vi skaper relasjon til naturen, ved å vere mykje ute i natur, og samle gode opplevingar og erfaringar. 

Vi ønskjer gjenbruksmateriale frå bedrifter og privatpersonar. Gjenbruk er viktig for miljøet. I tillegg er dette gjerne kjønnsnøytralt og udefinerbart materiale som utfordrar barna til å vere kreative og nyskapande. 

Å vere glad i naturen skal vere ei haldning som set preg på innhaldet i barnehagen på mange måtar. Vi arbeider tverrfagleg, og rammeplanen har prosessmål innan 7 ulike fagområde. Lengre bak i årsplan skriv vi litt om fagområda. Avdelingane vil sjølv velje sine tema og prosjekt utifrå interesser og magnetar i barnegruppa. 

Rammeplan seier at barna skal lære å ta vare på seg sjølv, kvarandre og naturen. Dei skal få naturopplevingar, bli kjent med mangfaldet i naturen, og barnehagen skal bidra til at barna opplever tilhøyrsle til naturen. Desse haldningane og verdiane er ein del av danningsprosessen til barna.