Denne artikkelen er over 1 år gamal og kan innehalde utdatert informasjon
I Aukra er det muleg å gifte seg i kommunestyresalen. Det er ordførar eller varaordførar som gjennomfører vigselen.
Vigsel - korleis gå fram
Kven kan kommunen vie?
Kommunen har plikt til å ha eit tilbod om vigsel for kommunen sine innbyggjarar og personar som ikkje er busett i Noreg, men som fyller vilkåra for å inngå ekteskap.
Les meir om vilkår for inngåing av ekteskap ekteskapslova § 12a (lovdata).
Det er tilstrekkeleg at ein av brudefolka er busett i kommunen.
Kva kostar det å gifte seg?
Vigselstilbodet er gratis for kommunen sine eigne innbyggjarar. Kommunen kan ta betaling for nødvendige meirkostnader dersom det er ønskjeleg at vigsel skal skje utover det vanlege tilbodet om tid og stad. Ta kontakt med kommunen om du har spørsmål om kostnader.
Tidspunkt for vigsel
- Kommunen tilbyr vigsel måndag til fredag kl. 12.00 - 15.30
- Kommunen har ikkje tilbod om vigsel jul, påske og pinse, eller på helg og andre enkelte dagar som til dømes dagar der det er formannskaps- eller kommunestyremøte
- Du vil få beskjed i skjemaet, dersom du vel ein dag, der vi ikkje tilbyr vigsel
Ta kontakt med kommunen i god tid før vigselen for å bestille tid
De kan sende inn førespurnad om vigsel elektronisk. I skjemaet kan de oppgje ønskt dato eller datoar og laste opp prøvingsattesten. De kan også sende inn førespurnaden før de har motteken prøvingsattesten og sende han inn i etterkant.
Send førespurnad om vigsel
Dersom de ikkje kan sende inn førespurnaden elektronisk, kan de også kontakte oss per brev, e-post eller på telefon:
De kan ta kontakt før de sender dei nødvendige papira til Skatteetaten eller mens de ventar på prøvingsattesten frå Skatteetaten.
Prøvingsattest
Prøvingsattesten bestiller de hos Skatteetaten
- Bestiller de prøvingsattesten elektronisk, får dykk attesten så snart alle har skrive under
- Den elektroniske attesten blir send til ein av dykk i Altinn
- Dersom de heller vil gjere det på papir, er behandlingstida på minst 5 til 6 veker
- Attesten er gyldig i fire månader frå utskriving og må vere gyldig på vigselstidspunktet
Forlovarerklæring
Statsborgarskapet til forlovaren har ikkje noko å seie, men han/ho må vere over 18 år. Forlovaren treng ikkje vere til stades ved ekteskapsinngåinga.
Dersom brureparet har søkt om prøvingsattest elektronisk, kan forlovaren logge inn og fylle ut:
Fyll ut forlovarerklæring
Kvar kan vi levere prøvingsattesten
- Original prøvingsattest må sendast til Aukra kommune tidlegast når gyldig attest ligg føre og seinast 3 veker før vigsel.
- Elektroniske prøvingsattester kan de sende via eDialog (sikker digital post til kommunen).
- Skal de levere prøvingsattest på papir, kan de levere han på kommunehuset eller sende han til Aukra kommune, Nyjordvegen 12, 6480 Aukra. Merk konvolutten med "Vigsel".
- Kommunehuset er ope kvardagar mellom kl. 10.00-14.00.
Kopi av legitimasjon
De kan bli bedne om å sende godkjent kopi av legitimasjon før vigselsdagen. Godkjend legitimasjon er til dømes pass eller nasjonalt ID-kort.
Om sjølve bryllaupsdagen
- Ordførar eller varaordførar står for vigselen.
- Brudefolk, forlovarar og gjestar bør møte opp 10-15 minutt før avtalt tid for vigsel.
- Dersom ein av brudeparet er framandspråkleg, må det på førehand avtalast kva språk som skal brukast under seremonien. Vigselen kan skje på norsk eller engelsk. For andre språk må de sjølv sørgje for kvalifisert tolk.
- Seremonien varer i 10-15 minuttar.
Kva må de hugse å ta med på bryllaupsdagen?
- De må hugse gyldig legitimasjon. Gyldig legitimasjon er pass eller førarkort og bankkort med bilete og personnummer, som er utstedt i Noreg.
- De må sørgje for at det er to vitnar til stades under seremonien. Dette kan vere forlovarar eller to andre myndige personar.
Etter seremonien
- Etter seremonien får de ein mellombels vigselsattest. Den endelege vigselsattesten får de tilsendt seinare. Les meir om det under punktet Vigselsattest.
- Grunna helse til små dyr og fuglar, ber vi om at det Ikkje vert kasta ris eller liknande utanfor kommunehuset.
Skatteetaten sender ein vigselsattest til dykk.
Digital vigselsattest
Du vil få ein digital stadfesting i din innboks i Altinn på registrert inngått ekteskap. Dersom du ikkje er brukar av Altinn, vil du få attesten i posten.
Ønskjer du vigselsattest på papir?
Dersom du som nygift likevel ønskjer ein vigselsattest på papir, vil det framleis vere mogleg å bestille ein vigselsattest på Skatteetaten sine heimeside.
Bestill kopi av vigselsattest
Busett i utlandet?
Personar som ikkje er busett i Noreg, men gifter seg etter norsk rett, vil få utsendt ein vigselsattest per brevpost. Dette fordi personar busett i utlandet har behov for ein slik attest for å registrere vigselen i sitt lands folkeregister.
Ønskjer du å gifte deg i kyrkja, kan du kontakte Aukra kyrkje.
Publisert 04.10.2018 08:41
Sist endra 11.11.2025 09:03