Årsplan Barnebo barnehage

12 Språk og språkutvikling

Barnehagen skal vere bevisst på at kommunikasjon og språk påverkar og vert påverka av alle sider ved barnet si utvikling. Gjennom dialog og samspel skal  barna støttast i å kommunisere, medverke, lytte, forstå og skape meining.

Rammeplan for barnehagen

TRAS - Tidleg Registrering Av Språkutvikling

TRAS er Tidleg Registrering Av Språkutvikling. Det er eit observasjonsmateriale for å registrere barn si språklege utvikling frå 2-5 år. Vi kan sjekke om barnet har utvikla ein ferdigheit, er i ferd med å utvikle den eller om det ikkje har byrja utviklinga si på det aktuelle området. Vi tek TRAS berre på dei barna vi meiner vi treng å gjere det med. Då etter avtale med foreldra. Hensikta er at vi kan gje meir målretta og systematisk språkstimulering, og eventuelt avdekke behov for meir tilrettelegging eller hjelp.

Snakkepakken

Snakkepakken er eit verktøy for språkstimulering og språkutvikling. Innhaldet er med å skape motivasjon, inspirasjon og lystprega bruk av språkleikar og aktivitetar. I Snakkepakken har vi gjenstandar eller konkretiseringsmateriell knytt opp i mot ulike tema.

Språksprell

Språksprell er språkleikar for barn frå 4-6 år. Målet med dette verktøyet er å stimulere barna sitt språklege medvit, og gjere dei godt rusta til å ta fatt på skriftspråket ved skolestart. Det er fire språklege område som er sentrale: 

  • Merksemd for lyd
  • Rim og regler
  • Stavingsdeling
  • Førlydanalyse.

Språkgrupper

Tidleg innsats er viktig for barna si språkutvikling. Vi har dagleg fokus på språkstimulering. I tillegg er det nokre barn som i ei kort eller lengre periode får vere med i språkgruppe. Innhaldet vert tilpassa dei vanskane som barna/barnet har, og metodane er ulike typar språkleik. For eksempel vert det jobba mykje med å lære nye ord gjennom konkretisering og gjentaking. Nokon treng å øve på å uttale lydar. Av og til vert barn tilvist til logoped. Det gjer vi i samarbeid med foreldra. Då vert opplegget tilpassa saman med logopeden.

Høgtlesing og forteljing

Å lese for barna er særs viktig for å førebyggje lese- og skrivevanskar seinare. Lesing er i tillegg ein aktivitet som bidreg til at vaksne og barn kan setje seg ned saman, og ha ei roleg stund, rundt ei felles oppleving. Vi oppfordrar alle foreldre til å lese for barna sine, eventuelt snakke saman kring bilde i bøkene. Målsetjinga er å auke mengda med høgtlesing og forteljing i barnehagen og i heimen. Barna skal ha god tilgang på bøker i barnehagen.

Den gode samtalen

Vi vaksne må ta i mot innhaldet i det barna ønskjer å formidle. Det er den beste måten å stimulere språkutvikling på. Vi set ord på det som fangar interessa deira og svarar slik at vi bekreftar det dei seier før vi fører samtalen vidare. Den vaksne utvidar det barnet seier. Slik stimulerer vi alle barn si språkutvikling gjennom kvardagssamtalen. Gode samtalar går føre seg kvar som helst, når som helst, og kan handle om kva som helst.

Morsmålet

Eit godt utvikla morsmål er viktig for den vidare språkutviklinga på alle språk, for skriftspråk og leseforståing. Vi støttar at barnet brukar morsmålet sitt, samtidig som vi aktivt fremmer den norskspråklege kompetansen til barnet. Forsking viser at utvikling av morsmålet i tillegg til å ha eigenverdi for seg sjølv, er svært viktig for utvikling av andrespråket (Cummins 1996, Thomas og Collier 2001). Det beste er at foreldre brukar morsmålet sitt mest mogleg saman med barna. Det språket er personleg, knytt til kjensler og er med å dannar identiteten til barnet.

Språkressurs

Vi har ei 80 % stilling som arbeider med språkutvikling og språkstimulering. Den vert brukt overfor enkeltbarn, men og i grupper. Stillinga vert mest brukt til direkte arbeid med barn. I tillegg kjem observasjon, rettleiing og kompetanseheving for heile barnehagen. Arbeidet vert gjort saman med foreldre og avdelinga, og med PPT og logoped dersom det er behov.