Årsplan Barnebo barnehage

4 Pedagogisk profil og verdigrunnlag

Barnebo barnehage – i møte med barnet.

Rammeplan for barnehagen, Tryggleikssirkelen og Reggio Emilia-filosofien sitt syn på barn og læring, er vårt utgangspunkt for korleis vi møter barnet kvar dag. At vi er glad i naturen, set farge på aktivitetar, tema og prosjekt. Vi er mykje ute, og stadig på tur i det allsidig flotte naturterrenget kring barnehagen.

Omsorg, leik, læring og danning spelar saman i eit heilskapleg syn på barn og barndom. Ei av primæroppgåvene våre er å gje barn omsorg. Det er ein føresetnad for barna sin tryggleik og trivsel, og for utvikling av empati, nestekjærleik og livsmeistring. Ny forsking viser at omsorg utviklar hjernen. Vi byggjer omsorgsfulle relasjonar ved å lytte til barnet, vere nær og vise vilje til innleving og samspel. Med utgangspunkt i Tryggleikssirkelen møter vi barna sine følelsar og behov på ein slik måte at dei vert trygt knytt til oss vaksne i barnehagen, og kan bruke tida si på å leike, lære og utforske. Vi vaksne skal støtte barna slik at både behovet for utforsking, meistring og sjølvstende, og behovet for å komme til oss for trøyst, beskyttelse, rettleiing, regulering og organisering av følelsar, vert teke i vare på ein god måte. Fanget til dei vaksne er inngangsport til å delta i leik, og ein ladestasjon for barna mellom slaga. Arbeidet med relasjonane mellom vaksne og barn, og barna imellom, er sentralt for å sikre barna eit trygt og godt psykososialt miljø. Vi skal vere varm, engasjerte og ansvarlege. Då er vi autoritative vaksne som er med på å gjere barna trygg. 

Overgangar

Overgangar skal vere trygg. Når barnet byrjar i barnehagen, når det bytter avdeling og når det skal starte på skolen, skal barnehage, skole og foreldre samarbeide for at desse overgangane skal bli gode for barnet. Dei skal få tid til å bli kjent, og til å etablere nye, trygge relasjonar.

Leik

Leiken har ein stor plass i barnehagen. Den er ei grunnleggjande livs- og læringsform som barnet utrykkjer seg gjennom. Den har stor eigenverdi for barnet her og no, og er den viktigaste arenaen for sosialisering og språkutvikling. Vi skal skape møteplassar for barna og involvere alle slik at dei får danne meiningsfulle vennskap. Vennskap og deltaking i fellesskapet er ein viktig del av barnet sin bærebjelke i livet. Vi skal rigge robuste fellesskap som gjev ei grunnkjensle av å høyre til og bety noko for andre. Plan for eit godt psykososialt miljø i Aukrabarnehagen vil vere med å styrkje og sikre god kvalitet i dette arbeidet.

Barnehagen fremmer samhald og fellesskap, og samtidig møter vi det enkelte barnet og tek i vare barna sin individuelle behov og utrykk. Gjennom arbeid med språk, og tilrettelegging av kulturmøte, vil vi verdsetje mangfaldet i fellesskapet som ein ressurs. Det at alle menneske i barnehagen er ulike, skal vere det normale, og godt synleg. Til dømes skal dei ulike kulturane, religionane og språka som vi har, vere implementert i det daglege, og gje alle barna ei sunn og god identitetsdanning. Mangfaldet vårt gjer at vi vil skape noko nytt saman, og utvide dei perspektiva vi allereie har på kvarandre og samfunnet elles. Vi skal sjå på likskap og forskjellar, vere nysgjerrige på kvarandre, og anerkjenne at mange av oss kan ha fleire identitetar. Vi skal snakke om forskjellar som ei styrke slik at vi er med å utviklar barna sin toleranse og respekt for dei som er annleis enn seg sjølv. Alle sine stemmer skal bli høyrd og ha betydning i fellesskapet.

Å ta barn på alvor og vise det respekt, er sentralt i Barnebo sitt syn på barn. Vi lyttar til barna, ser kva dei interesserer seg for og er nysgjerrig på, for så å inspirere og støtte dei til å utforske verda vidare og skape gode vilkår for læring og danning.

I Reggio Emilia – filosofien sitt syn på barn og læring har vi fokus på dei tre pedagogane:

  1. Barnet er kompetent og nysgjerrig. Det kan og vil medverke, delta og lære!
  2. Vaksne lyttar og forskar saman med barna. Vi stiller spørsmål for å opne opp for undring og nye tankar.
  3. Rommet skal inspirere og invitere til gode, utviklande og artige aktivitetar som knyt barna saman. Rom og materiale skal gje møteplassar der barna byggjer relasjonar med kvarandre. Det skal vere lett tilgjengeleg for barnet. Ute er like viktig som inne.

Vi vaksne på Barnebo er mogleg-gjerarar. Vi meiner at kva barnet lærer, og korleis det skjer, er eit svar på dei moglegheitene vi gjev dei. Kreative prosessar, skapande aktivitetar og prosjekt, med utgangspunkt i barn sin magnet, pregar det pedagogiske innhaldet. Vi vil tilføre nye material og verktøy, og endre rom for å utvikle aktivitetar og leik vidare.

Kva kan eit barn bli? 

I ei heilskapleg tilnærming som tek arenaene for omsorg, leik, læring og danning på alvor, lyttar til barnet og skaper moglegheiter, kan ein tenkje seg innovative, undrande, kunnskapshungrige og handlekraftige barn. Barn med god nok sjølvkjensle til å tørre å skape, endre og utvikle, og med ønskje om å ta vare på det som er viktig for ei berekraftig utvikling inn i framtida.

Arbeidsmåte

I forkant av, og når vi er i prosess med til dømes eit tema, har vi ein prosjektstruktur vi kan bruke. 
- Ann Åberg, Lyttande pedagogikk.

Lytte 

  • Samle på barna sine ord og handlingar. Kva snakkar dei om? Kva held dei på med?

Førebu og legge til rette for prosjekt 

  • Sortere – kva vil vi undersøkje?
  • Kategorisere – på kva område ser vi interessene deira?
  • Kva er det barna prøver å forstå?
  • På kva område handlar leiken om?
  • Kva område peikar seg ut?
  • Kva utfordringar, material, verktøy, leikar, undersøkingar og eksperiment kan vi tilby for å undersøkje dette vidare?
  • Kva veit vi vaksne om dette? Kva må vi lære meir om?

Drive prosjektet

  • Dokumentere
  • Reflektere
  • Legge til rette
  • Utvikle og fordjupe

For å følgje barna, undre oss saman med dei og forske med, nyttar vi pedagogisk dokumentasjon. Vi reflekterer over dokumentasjon (bilde, praksisforteljing),  og utvidar barna sitt perspektiv og erfaringar utifrå det vi ser og forstår. Slik tek dagane, prosjekta og aktivitetane nye vegar etter kvart som vi søkjer kunnskap saman. Å stille spørsmål vert like viktig som å finne dei rette svara. At vi lyttar til barna skal gjere ein forskjell.