Årsplan Barnebo barnehage

10 Progresjon gjennom leik og læring

Progresjon vil seie at alle barn skal utvikle seg, lære og oppleve framgang. Dei skal møte utfordringar og føle meistring som svarar til det utviklingsnivået dei er på. Vi må sikre progresjon, variasjon og samanheng i opplevingar og læring gjennom heile barnehagetida. Personalet skal utvide, fordjupe og bygge vidare på barna sine interesser og gje dei varierte erfaringar. Slik får dei ny kunnskap som legg grunnlaget for danning og livslang læring.

For dei aller yngste i barnehagen er det viktig å ha ein trygg og føreseieleg kvardag, med gode rutine i ei gjennomtenkt dagsrytme. Det er viktig å bli møtt av vaksne som tolkar kroppsspråk og mimikk, og som møter barnet omsorgsfullt og engasjert. Det ligg til grunn for trivsel, god kommunikasjon og eit godt samspel. Etter kvart vert barna introdusert for nye perspektiv, og nye opplevingar og erfaringar. Å få høve til fordjuping og gjentaking er viktig.

Barna i alderen 1-2 år er det vi kallar toddlere. Toddler-leiken handlar om å gjere saman: springe, klatre, hoppe, banke i bordet – oftast med spontane utrop av pur glede. Slik leik er med å skape gode relasjonar, fellesskap og vennskap. Det fysiske miljøet og arbeidsmåtane på småbarnsavdelingane skal invitere, støtte opp om og skape gode rammer for slik leik.

Fram mot førskolealderen utviklar barna meir og meir avansert rolleleik, samspelsleik, regelleik og konstruksjonsleik. Særleg er rolleleiken sentral i barna sin kvardag. Det å vere på liksom, let barna ta andre roller enn dei kjente, og øver dei i å sjå andre sitt perspektiv. Dei får prøve ut «livet» innafor trygge rammer. Rolleleiken er ein viktig arena for læring, m.a. for språkutvikling og utvikling av sosial kompetanse. Leiken utviklar seg språkleg, til stadig meir tovegs-kommunikasjon, der det å lytte til nye idear og bidra sjølv er viktig for å drive leiken vidare. Utforminga av det fysiske miljøet, arbeidsmåtane og tilgangen på materiale og leiker, skal inspirerer til variert og kreativ leik, aktivitetar og læring. Rom, materiale, leiker og verktøy må heile tida endre og utvikle seg i takt med barna sine interesser, behov og modning. Miljøet skal involvere alle barna, og vere ei støtte for at utvikling, fordjuping og nyskaping skal skje.

Med ei heilskapleg tilnærming til læring er prosessen i seg sjølv, målet. T.d. undring og undersøking som barn og vaksne gjer saman for å finne samanhengar, eigenskapar, former, fargar, storleikar og forskjellar. Då brukar vi alle sansane våre, syn, høyrsel, smak, berøring og lukt.