Årsplan Barnebo barnehage

13 Barn i bevegelse

God motorikk og sansemotorikk spelar ei viktig rolle for læring og sosial utvikling.
«Korleis vi brukar kroppen, påverkar korleis vi lærer» seier professor Thomas Moser ved Universitetet i Stavanger. Han seier og at «vi kan sjå på bevegelser som det som bind alle utviklingsområde saman».

Vi fokuserer på at alle barn har dagleg glede ved fysisk aktivitet og bevegelse i leik inne, ute og på tur.

I tillegg til den daglege frie leiken, vil vi ha eit opplegg med 3-årsklubben på Furutun. 

Planen vår tek utgangspunkt i forsking, og er inspirert av Solid start Sykkylven, prosjektet Motorikk og Læring i Gausdal kommune og Stavangerprosjektet, der alle viser til at motoriske ferdigheiter dannar eit grunnlag for læring og vidare utvikling både sosialt og fagleg. Helsedirektoratet er tydeleg i tilrådingane sine om fysisk aktivitet for barn, og viser til at det har helsefremmande og utviklande effektar. Dei seier at barn 1-5 år bør vere allsidig fysisk aktive med varierte bevegelsar, aktivitet og leik i minst 180 minutt fordelt utover dagen.

Vi har eit årshjul for Barn i bevegelse. Det viser dei ulike tema vi skal vere innom.

Grunnleggjande aktivitet 

Eg skal bli vant til å bruke kroppen og bli inspirert til å utfordre meg sjølv til å utvide og utvikle ferdigheiter. Til dømes stå, gå, springe, krype, hoppe, strekke og bøye. Tenk at eg kan gjere alt dette!

Stabilitet og balanse

Eg ønskjer å kjenne at eg har kontroll på kroppen min. Til dømes stå på tå, stå på ein fot, hinke, balansere, lukke auga, snurre, skli og reagere. Det er spennande å prøve nye ting. Det eg syns er vanskeleg i dag trur eg at eg greier snart, når eg berre får øvd meg litt!

Saman er vi sterke. Eg likar å samarbeide og ser at det eg gjer påverkar det som skjer rundt meg.

Koordinasjon

Eg må få erfaringar av samspel mellom sansane og bevegelsane mine for å utvikle koordinasjonsferdigheitene. Til dømes leik med ball og ballong, kaste, sparke, stusse og trille. Hinke, klappeleik og rytme. Eg merkar at eg må konsentrere meg for å gjere fleire ting samtidig. Nokre bevegelsar greier eg lett, medan andre må eg øve meir på.

Uteaktivitet

Eg lar meg inspirere av uteområdet til å bruke kroppen min. Til dømes barneleikar, bruke naturmateriale og naturmiljø, eller uteleikeplassane våre. Store og raske bevegelsar passar ute. Vi kan samarbeide og/eller konkurrere for å yte det beste vi kan. Alt vi kan gjere inne, kan eg også gjere ute.