Vassmålar

Vassmålar

Som hushaldsabonnent kan du velje om forbruksgebyret for vatn og avløp skal bereknas og betalas etter bustadareal, eller betalas etter målt (faktisk) forbruk. Næringseigedomar pliktar å betale etter målt forbruk.

Aukra kommune kan hjelpe dykk med vurdering av gebyralternativa. Vi kan også gje råd til din røyrleggar ved spørsmål av teknisk karakter.

Installasjon av vassmålar

Dersom du, som huseigar, ønsker å installere vassmålar, tek du kontakt med ein røyrleggar som vil hjelpe deg vidare. Huseigaren betalar for arbeidet med installasjon av vassmålaren.

Kommunen eig vassmålaren og den blir leigt ut for eit årleg beløp som går fram av gebyrregulativet. Kostnaden med installering vil variere frå hus til hus og vi tilrår at du får eit prisoverslag frå ein røyrleggar. Næringseigedomane er pålagde å ha vassmålar og kostar sjølv kjøp og installering av dette.

Ved feil på private vassmålarar, vil den bli skifta av oss.

Målaravlesing

Ved målt forbruk baserer Aukra kommune seg på kundens årlege tilbakemelding om målarstand. Vassmålarskjema sendes ut i desember med 2. januar som innleveringsfrist.

Kunden får eit avlesingskort per vassmålar. Alle som har fått kort for avlesing av vassmålarar, må skrive inn målarstanden på kortet og returnere dette til Aukra kommune.

Leige av vassmålar

Kontakt

Rita Eikebø
Leiar eigedomsavdelinga
E-post
Telefon 99 09 04 92
Mobil 99 09 04 92
Aukra kommune
Post- og besøksadresse: Nyjordvegen 12, 6480 Aukra
E-post
Telefon 71 17 15 00

Opningstider

Kommunehuset

Ekspedisjon: Kl. 10.00 til 14.00

Sentralbord: Kl. 9.00 til 14.30