Årsplan Barnebo barnehage

6 Digital praksis

Digital praksis skal bidra til barna sin leik, kreativitet og læring, og vere ei støtte i eit allsidig læringsmiljø. Barnebo nyttar digitale verktøy i det kreative og skapande arbeidet. Vi skriv ut bilete frå turen for å gjenkalle opplevingane saman med barna, vi dansar til musikk frå Spotify, vi brukar internett til å leite etter svar på dei spørsmåla vi har, vi lagar spel, bøker, film og dokumentasjonar. Barna får lov å utforske dei digitale verktøya vi har, saman med eit aktivt personale. Samtidig vil vi lære dei noko om digital dømmekraft.