Årsplan Barnebo barnehage

14 Kvalitetsarbeid

Ein lærande barnehage er ein barnehage som er god til å skape, tileigne seg og overføre kunnskap. Og som kan forandre sin atferd i forhold til ny kunnskap.

D.A. Garvin

Barnehagen er ein lærande organisasjon der heile personalet skal reflektere kring faglege og etiske problemstillingar, oppdatere seg og vere tydelege rollemodellar.

Rammeplan for barnehagen

Barnehagen skal vere ei pedagogisk verksemd som planlegg og vurderer innhaldet. Det pedagogiske arbeidet skal vere grunngjeve i barnehagelov og rammeplan.

Prosesskvalitet

Kvaliteten på det vi gjer dagleg kallar vi prosesskvalitet, til dømes samhandling, relasjonar og aktivitetar. I følgje forsking er den avgjerande for korleis barnehagen påverkar barna sin tryggleik, trivsel og utvikling på alle område. Utvikling av kvalitet skjer i dei nære relasjonane i barnehagen. Det er kvaliteten på møtet mellom den tilsette og barnet, og samspelet mellom barn, som seier det viktigaste om kvaliteten i barnehagen. Når tilsette reflekterer over eigne handlingar i høve dei måla som er sett, utviklar og endrar seg, og samtidig er i stand til å møte nye krav og utfordringar, vert kvaliteten betre. 

Strukturkvalitet

Rammene rundt, er det vi kallar strukturkvalitet. Gruppestorleik, bemanning og fysisk miljø er eksempel. Dette er med å legge til rette for eller avgrense prosesskvaliteten. Endring og fleksibilitet er det vanlege i barnehagen. Å ha ein god kultur for å dele kunnskap og erfaringar, og gje kvarandre tilbakemeldingar, er viktig for at kvar enkelt medarbeidar skal vere sensitiv, omsorgsfull, ansvarleg og engasjert voksen i møte med barna. 

Systematisk vurderingsarbeid

Systematisk vurderingsarbeid legg grunnlag for barnehagen som lærande organisasjon. Gjennom kontinuerleg vurdering av praksis, utviklar vi oss. Vi vurderer undervegs på avdelingsmøte, pedagogisk leiar-møte, utviklingsmøte og på samarbeidsmøte med tillitsvalde og verneombod. I desember har vi halvårsevaluering  og i mai/juni har vi årsevaluering. Dette er med å gje grunnlag for ny planlegging.

Kontinuitet og progresjon

Planlegginga skal bidra til kontinuitet og progresjon for enkeltbarn og gruppa. Vi planlegg utifrå dei overordna måla i barnehagelova, rammeplan, kommunen sin barne- og ungdomsplan, og i frå dei måla vi har sett oss i årsplan. Vi tek utgangspunkt i kva barn kan og kva dei interesserer seg for. Vi lyttar til barna. 

Vi nyttar ulik type pedagogisk dokumentasjon før og undervegs i tema- og prosjektarbeid for å forstå kva barna gjer på og undersøkjer. Så legg vi til rette for at dei kan utvikle det vidare og gjerne fordjupe seg i tema. Dokumentasjon er eit middel for å reflektere og lære. Når vi dokumenterer gjer vi arbeidet vårt, opplevingane og læreprosessane til barna, synleg. Då får vi fram ulike oppfatningar og opnar opp for ein kritisk og reflekterande praksis. Alle avdelingane sender ut månadsdokumentasjon. Der får de eit innblikk i det pedagogiske innhaldet på avdelinga.  Når vi på ulike måtar reflekterer over dokumentasjonen vår, vert det pedagogisk dokumentasjon, og vi utviklar og endrar praksis. 

Inkluderande barnehage- og skolemiljøsatsinga (IBSM) til UDIR er ferdig. Gjennom desse åra har vi fått kompetanseutvikling som styrkar barnehagen sin totale kompetanse med å fremme trygge miljø, og forebygge og handtere mobbing og andre krenkingar.

Plan for eit godt psykososialt miljø

Aukrabarnehagen har ein plan for eit godt psykososialt miljø. Planen med tilhøyrande aktivitetsplan og skjema for å melde frå osv., er blant anna knytt til kapittel VIII i barnehagelova om psykososialt barnehagemiljø. Vi arbeider heile tida med å implementere ny kompetanse og planer inn i praksisen på avdelingane. Samarbeidet med foreldra er viktig.

SBI - Se barnehagebarnet innenfra

Se barnehagebarnet innenfra (SBI) er eit tilknytingsbasert program  for tilsette i barnehage kring korleis vi skal fremje tryggleik, livsmeistring og helse i barnehagen, og hensikta er å auke dei tilsette si bevisstheit på kva barn treng for å fremje desse områda. Dei tilsette får kunnskap om korleis dei best kan legge til rette kvardagen for alle barnehagebarn, men kurset fokuserer særskilt på barn med temperamentsmessige utfordringar og barn med belastande omsorgserfaringar. Det er og fokus på situasjonar som mange tilsette opplever utfordrande.

Ei av målsetjingane er å auke dei tilsette sin evne og vilje til å mentalisere. Barnehageåret 2022/2023 gjennomførte vi programmet på utviklingsmøte gjennom heile året slik at det vart ein prosess over fleire økter. Vi vil fortsetje med refleksjonsarbeid knytt til dette i neste barnehageår. 

Rekomp

Vi har frå 2023 starta opp med nytt tema i Rekomp (kompetanseutvikling i samarbeid med Romsdalskommunar og Høgskolen i Volda). I løpet av 2023 og fram til august 2024 skal vi gjennomføre utviklingsarbeid innafor fagområdet Kunst, kultur og kreativitet. 

Problemstillinga vi har valt oss er: Med fokus på dei tre pedagogane, barnet, den vaksne og rommet; korleis skal vi på Barnebo gje barna gode moglegheiter for kreative prosessar, skapande aktivitet og prosjekt? 

Vi nyttar aksjonslæring for å endre og utvikle praksis.

Verdiplattform

Aukraskolen og Aukrabarnehagen har ein verdiplattform som seier at alle barn i skole og barnehage skal bli møtt av relasjonskompetente vaksne. Det er ein viktig faktor for at alle barn og unge skal ha eit trygt og godt psykososialt miljø. Verdiplattforma framhevar den autoritative vaksenrolla som sentral. Våre tilsette skal vere høg på relasjonsvarme og vere tydeleg på krav og grenser. 

For å byggje nær relasjon med barna, møter vi deira sine følelsar og behov på ein slik måte at dei vert trygg. Tryggleikssirkelen (circle of security) er det teoretiske utgangspunktet vårt i dette arbeidet.

Ingrid Lund si trapp med tre trinn i

Ingrid Lund skildrar ei trapp med tre trinn i. 

  1. Nedst i trappa har vi haldningar, til dømes til jobb, rolle, ansvar, til å stoppe krenkingar og gripe inn.
  2. Neste steg i trappa er kunnskap om temaet. Kunnskap kan påverke haldningane.
  3. I toppen av trappa har vi handlingar - det den enkelte faktisk gjer.

Vi må kontinuerleg reflektere over og arbeide på alle dei tre trinna for å stadig vere i utvikling og endring, slik som jobben vår i barnehagen krev at vi er.

To hus tett i tett

No er vi godt i gang med å utvikle gode og fornuftige samarbeids- og samhandlingsformer mellom dei to husa våre, og avdelingane internt på husa. Vi ser at vi tek i bruk stadig nye moglegheiter for å knytte oss enda meir saman og bli kjent på tvers, og ikkje minst hjelper og støtter kvarandre i det daglege. Vi gler oss til å sjå kva vi får til vidare.