Årsplan Barnebo barnehage

1 Velkommen til Barnebo barnehage

Vi er glade for å ønskje dykk velkomne til eit nytt barnehageår. Med forventning og begeistring startar vi det nye året med fleire nye barn, mange godt kjente barn og nye og gamle vaksne på avdelinga. Mest av alt, har vi mange ubrukte og gode dagar framom oss. Desse skal vi fylle med undring, kreativitet, humor, latter, vennskap, omsorg, leik og læring. 
Me gler oss!

Barnet sitt beste

Samarbeidet med foreldre skal vere prega av gjensidig respekt, tillit, medverknad og interesse, og de skal oppleve at de får nok og god informasjon om barnehagedagane til barnet dykkar. Foreldresamarbeidet har eit eige kapittel i årsplanen.

Husa våre

Vi er to hus tett i tett. Småbarnsavdelingane er på Furutun, og storbarnsavdelingane på Aukratun. Vi har gjerde mellom leikeplassane, men går ofte på besøk til kvarandre, og innimellom har vi opne portar slik at vi er saman på tvers. 

Barnebo har sju avdelingar, tre på Furutun og fire på Aukratun. Alle samarbeider gjennom dagane og veka, og vi jobbar heile året for at alle vaksne og barn på barnehagen skal bli kjente med kvarandre. På våren er vi særskilt opptekne av at 3-åringane på Furutun skal bli kjent og trygg på Aukratun, og den avdelinga dei skal starte på etter sommaren.

Barn i fokus

Vi har barna i fokus. Vi ser og lyttar til det enkelte barnet, og lar dei medverke i kvardagen. Vi er varme, engasjerte, og møter behova dei har for omsorg og tryggleik. Vi legg til rette for utforsking, skapande aktivitetar og leik. Saman forskar vi på verda og alle dei spørsmål, prosjekt og tema som vi vert nysgjerrige på undervegs. Fellesskapet i barnehagen er inkluderande og den enkelte skal kjenne at dei høyrer til.

Årsplan

Årsplan er eit arbeidsreiskap for dei tilsette i barnehagen, og den dokumenterer barnehagen sine val og grunngjevingar for det pedagogiske arbeidet. Den tek utgangspunkt i Rammeplan for barnehagen ( forskrift til barnehagelova), og dei tema og område vi på Barnebo har valt å fokusere på.

Årsplanen er todelt. Vi har eit informasjonshefte Bli kjent med Barnebo, der de finn alt av praktiske opplysningar. Her vil de og finne kva de kan forvente av oss som jobbar på Barnebo, kva vi forventar av dykk foreldre, og kva vi tenkjer om mat og måltid. I den planen som du no les, vil du bli enda betre kjent med oss. Vi skriv blant anna om organisering, verdigrunnlag, pedagogisk profil, målsetjingar og kvalitetsarbeid.

Saman vil desse dokumenta gje dykk eit godt innblikk i kva vi på Barnebo står for, kven vi er og korleis vi jobbar.

Med ønskje om eit godt år for små og store!