Aukra kommune har påvist intestinale enterokokkar på eitt av dei faste målepunkta. Det er difor innført kokevarsel for heile kommunen.
Kokevarselet gjeld alle abonnentar i kommunen.
Inntil vidare må alt vatn som skal nyttast til drikke, matlaging eller andre føremål der vatnet kjem i kontakt med næringsmiddel, kokast. Vatnet skal fosskokast i minst eitt minutt for å vere helsemessig trygt.
Kommunen vil sende ut ny informasjon så snart situasjonen endrar seg, og kokevarselet kan opphevast.
Sjå oppdateringar i vår nyheitssak om kokevarselet