Velkommen til digital kafé 1. halvår 2026

Ønsker du å lære meir om korleis du bruker smarttelefon, nettbrett eller korleis du navigerer på internett?

Aukra pensjonistlag og Aukra kommune inviterer alle som ønsker det til digital kafé. Her vil du møte våre frivillige instruktørar og hjelpeinstruktørar som har vore med oss i fleire år. 

Dato, tid og stad

  • Dato: Kvar tysdag mellom 20. januar til 24. mars 2026
  • Tid: Kl. 14.00 - 16.00
  • Stad: Soltun scene på Aukra kulturhus

Viktig informasjon om tilbodet

  • Ta med eige utstyr – smarttelefon, PC, iPad/nettbrett.
  • Det er låg terskel for å delta.
  • Vi stiller med kaffi og noko å bite i.
  • Kvar samling vil ha ein felles del der vi ser på eit tema. So blir det hjelp rundt borda. Du kan få hjelp til det meste - så langt kompetansen til instruktørane rekk.
  • Hugs: Det å møte menneske har ein verdi i seg sjølv.

Må eg melde meg på?

Du treng ikkje å melde deg på kafékvelden! Du kjem og går som du vil. Tilbodet er gratis. 

Kontaktinformasjon

Ta kontakt med Wilhelm Andersen på telefonnummer 913 78 749 om du lurer på noko. 

Oversikt over tema 1. halvår 2026: 

  • 20. januar: Bli kjent med smarttelefon og nettbrett
  • 27. januar: Berøringsskjerm og tastatur
  • 3. februar; Heimskjerm, appar og navigasjon
  • 10. februar: Ringe og kontaktlista
  • 17. februar: Meldingar (SMS og appar for meldingar)
  • 24. februar: Internett og søk
  • 3. mars: Offentlege, digitale tenester
  • 10. mars: Digital sikkerheit og svindel
  • 17. mars: Kamera, bilde og deling
  • 24. mars: Nyttige appar, repetisjon og spørsmål
Kommunalsjef drift opnar digital kafé - Klikk for stort bilete
Ordførar Odd Jørgen Nilssen i samtale - Klikk for stort bilete
Besøkjande på digital kafé - Klikk for stort bilete
Dekorativt element - Klikk for stort bilete