Språkkafé er for alle vaksne som ønsker å lytte til og øve seg på å snakke norsk språk. Vi snakkar om forskjellige tema og du treng ikkje å forberede deg.
Dato, tid og stad
- Dag: Torsdagar, oppstart torsdag 15. januar 2026
- Tid: Klokka 11 til 13
- Stad: Soltun scene på Aukra kulturhus
Vil du vere frivillig?
Vi treng òg frivillige som snakkar godt norsk og som har lyst å hjelpe andre å øve! Det er ingen krav om utdanning til deg som ønsker å vere frivillig, berre eit ope hjarte og ønske om å snakke med folk frå heile verda.
Vil du vite meir eller melde deg som frivillig? Ta kontakt med kulturformidlar Marta Kristin Eidskrem.
Publisert 12.01.2026 10.33
Sist endra 12.01.2026 10.33