Vinnar av frivilligpris 2025Aukra kommune har delt ut frivilligpris på frivilligfest 4. desember.Inger Lyngvær er vinnar av årets frivilligpris for den jobben ho gjer som leiar i Aukra demensforening.Vinnaren av årets frivilligpris har over mange år lagt ned ein stor og uvurderlig innsats som frivillig i Aukra. Det er ikkje tvil om at ho bruker ein stor del av tida si til dette. Dette er en skikkeleg spreking - du ser ikkje vedkommande luntande når ho kjem - det er alltid full fart. Og alltid med eit stort smil om munnen. Inger blir beskrevet som ei kreativ dame som finn på ting - og får ting gjort. Ho er ei ildsjel av dei sjeldne. Bli med gruppe: trim, aktivitetar, sang og samtalar Rullatorløp, sommerfest, julegrantenning og julebord og lucia song Demenskoret nordavind: primus motor for oppstart av koret. Ho står på for dei eldre i Aukra kommune, og då spesielt dei som har ein demenssjukdom. Inger er leiar i foreninga, men gjer så mykje meir utover den leiaroppgåva.Kort oppsummert: Inger får frivilligprisen for si positive haldning og enorme innsats for at menneske med ein demenssjukdom - og andre - skal få viktige og livsforvandlande aktivitetar og treffpunkt. På grunn av hennar innsats, vert Aukra ein betre stad å leve i, for mange menneske. Inger Lyngvær, vinnar av Frivilligpris 2025 Publisert 05.12.2025 13.33 Sist endra 05.12.2025 13.36