Foreldrekurs på Barnebo barnehage vinteren 2026 - Trygghetssirkelen

Kurstilbodet for foreldre i Circle of Security (COS-P) startar opp igjen januar 2026. Kurset går i regi av Barnebo barnehage.

Om kurset

  • Kurset er gruppebasert og går over seks kveldar. Kvar kurskveld vil vare i ca. 1,5-2 timar.
  • Alle kan melde seg på - barnehage ønskjer at begge foreldre deltek, men dersom det ikkje er mogleg, kan ein av foreldre melde seg på.
  • For å få fullt utbytte av kurset bør du møte opp alle seks kveldane. Ved sjukdom eller anna fråvær vert det ein kort gjennomgang i forkant av kurskvelden veka etter, då bolkane byggjer på kvarandre.

Kva kostar kurset?

Kurset er gratis. 

Kursdatoar vinteren 2026

Kurset går over seks onsdagar mellom kl. 18.00 - 20.00 slik: 

  • 14. januar
  • 21. januar
  • 28. januar
  • 04. februar
  • 11. februar
  • 18. februar

Kurstad

Kurset vert halde i salen på Aukratun.

Påmelding kurs vinteren 2026

Alle kan melde seg på. Vi ønskjer at begge foreldre deltek, men er dette ikkje mogleg kan ein av forledra melde seg på. I påmeldinga skriv du namnet til den/dei som skal delta. Det er bindande påmelding. 

Påmeldingsfrist er søndag 4. januar 2026.

Meld deg på kurset ved å sende ein e-post til Heidi Ilestad til heidi.ilestad@aukra.kommune.no

Har du spørsmål?

Har du spørsmål om kurset, kan du ta kontakt med pedagogisk leiar Heidi M. Ilestad.

Ta kontakt med Heidi

Meir informasjon