Pårørandeskolen er eit kurstilbod til deg som har eit familiemedlem eller ein nær ven med demenssjukdom. Personen med demens kan bu heime eller på institusjon. Kurset gir kunnskap, støtte og tryggleik i pårøranderolla – og du møter fagpersonar og andre i same situasjon.
Når er det kurs?
- Dag: Måndagar i tidsrommet 2. februar til 2. mars 2026
- Tid: Kl. 17.35–20.00
- Stad: Aukra omsorgssenter
- Kurset går over fem samlingar
Kursets innhald
Gjennom faglege forelesingar, plenumssamtalar og gruppediskusjonar får du:
- kunnskap om demens og kva sjukdomen kan bety for den som er sjuk, for pårørande og for familien
- verktøy for god kommunikasjon og samhandling
- oversikt over rettar, aktuelle tenester og tilbod
- informasjon om hjelpemiddel og tilrettelegging i heimen
- møte med fagpersonar med kompetanse på demens og andre pårørande
Vi legg stor vekt på trygge rammer og openheit. Fortrulege opplysningar som kjem fram, skal bli mellom deltakarane.
Tema for samlingane
- 2. februar – Om demenssjukdommar ved Kristian Rød, konstituert overlege, Alderspsykiatrisk poliklinikk, SNR
- 9. februar – Kommunikasjon og samhandling ved Eline Lüder-Larsen, psykolog, Alderspsykiatrisk poliklinikk, SNR
- 16. februar – Tilrettelegging og hjelpemiddel i heimen ved Reidun Beate Tystad, ergoterapeut med master i helsevitenskap, Alderspsykiatrisk poliklinikk, SNR
- 23. februar – Juridiske rettar ved Reidun Swan, pasient- og brukarombodet i Møre og Romsdal
- 2. mars – Når ein nær person vert sjuk ved Kristian Finn Risung, sokneprest i Aukra
Praktisk informasjon
- Kurset er gratis
- Du er velkomen sjølv om du har deltatt tidlegare
- Kom gjerne fleire frå same familie
- Det vert servert mat og kaffi kvar kveld
Påmelding
Påmelding innan 29. januar 2026 til:
- Merete Lofstad på telefon 922 21 701 eller
- Inger Lyngvær på telefon 452 63 896
Publisert 08.01.2026 13.46
Sist endra 08.01.2026 13.46