Test av nødvarsel

Onsdag 14. januar klokka 12 blir Nødvarsel på mobil og Sivilforsvarets varslingsanlegg over heile Noreg testa, i ei felles nasjonal varslingsprøve.

Om testen

Det er politiet som sender ut test av Nødvarsel på mobil. Sivilforsvaret testar samtidig tyfonane med signalet "Viktig melding – søk informasjon".

Varslingsprøva den 14. januar blir gjord over heile landet, rundt kl. 12. Det betyr at mobiltelefonar i heile landet vil vibrere og spele av eit høgt lydsignal, samtidig som tyfonane uler. 

Del gjerne informasjon om varslingsprøva med dine næraste, slik at flest mogleg er førebudd og veit at dette berre er ein test.

Kven får testen?

Testen går ut over mobilnettet i heile landet. Alle nyare og oppdaterte mobiltelefonar og einingar som er i Noreg og som er kopla på 4G/5G, kan få testen.

Dersom du ikkje ønskjer å få testen, må du setje telefonen i flymodus eller skru den heilt av i god tid før og etter klokka 12 den 14. januar. Lydlaus, låg lyd, dempa varsling og liknande blir overstyrt.

Kvifor teste?

Nødvarsel på mobil blir testa til heile befolkninga både for å gjere befolkninga kjend med korleis det blir opplevd å få eit Nødvarsel og for å sikre at systemet fungerer som det skal. I ein reell situasjon inneheld eit nødvarsel informasjon om kva som skjer, og kva du bør gjere for å verne deg sjølv. Test av tyfonane blir gjord for å avdekke tekniske feil og for å gjere befolkninga kjend med lyden og signalet.

Signalet som blir testa under varslingsprøvene heiter "Viktig melding – søk informasjon" og består av tre seriar med tuting med eitt minutts opphald mellom seriane. Om du høyrer dette signalet betyr det i praksis at du skal søke informasjon. Informasjon om kva som skjer og korleis du skal forhalde deg, blir gitt gjennom ulike media, til dømes radio, tv, nettsidene til myndigheitene og sosiale medium.

På sivilforsvaret.no finn du meir informajon om varslingsanlegga