Røykeforbod på utandørs leikeplassar
Røykeforbudet gjeld på leikeplassar der allmenta har tilgang. Med leikeplass siktar ein til eit område, opparbeidd eller naturleg, som er tilgjengeleg og tilrettelagt for barns leik.
Vurderingen av kvar grensene til leikeplassen går, må gjerast konkret i kvart enkelt tilfelle. Sentralt i vurderinga er at barn og unge skal vernast mot passiv røyking.
Kva leikeplassar er ikkje omfatta av røykeforbodet:
- Leikeplass som berre er tilgjengeleg for ein avgrensa krins av personar. Døme på dette er burettslag og sameige, føresette at det kjem tydeleg fram at allmenta ikkje har tilgang (ved skilt, inngjerding eller liknande).
Røykeforbod på utandørs idrettsområde

Røykeforbudet gjeld på område utandørs som er opparbeidd for eller tilpassa med det formålet at det skal brukast til idrett. Dette kan til dømes vere ein fotballbane eller friidrettsbane. Eventuell tilskodarplass på tribunar og sidelinje, og dessutan utandørs garderobar og klargjeringsplass for utøvarar er også omfatta av røykjeforbodet.
Området der røykeforbodet gjeld er ikkje avgrensa til ein arena eller stadion, men kan også omfatta eit mindre areal meint for idrett, som ein mindre basketballbane utan avsett plass for tilskodarar.
Det er ikkje eit krav at området er inngjerda. Sentralt i vurderinga er at barn og unge som ferdast på idrettsområdet skal vernast mot passiv røyking.
Områda skal vere røykfrie også når desse blir brukte til andre formål enn idrettsutøving, til dømes konsertar eller markeringar.
Kva idrettsområde utandørs er ikkje omfatta av røykeforbodet:
- Område som berre er meinte å gi befolkninga offentlege rom å opphalde seg i på fritida, til dømes parkar og byrom med bordtennisbord eller boccia-bane.
- Område som er tilrettelagde for fleirbruk, ofte i tilknyting til turområde. Dette kan vere eit friluftsområde som blir brukt til terrengløp, orientering, skiløyper eller frisbeegolf.
Kven er ansvarleg for at røykeforbodet på leikeplassar og utandørs idrettsområde blir overhalde?
Det er den ansvarlege for området som skal sørge for at røykeforbodet blir overhalde. Dette kan vere eigar, drivar eller andre som er ansvarlege for området.
Det skal markerast med tydelege skilt at røyking er forboden på stader der det kan vere tvil om dette.
Artikkel først publisert: 10.12.25