Aukra kommune har med dette dokumentet utarbeidd kommunalteknisk VA-norm som gjeld for heile kommunen. Denne norma er vedteken i drift- og areal i sak 35/15 den 19. august 2015. Norma er felles for dei fleste kommunane i Romsdal. VA-norma representerer førehandgodkjente løysingar på korleis dei kommunaltekniske anlegga skal utformast. Det blir i stor grad vist til Norsk Vann/Norsk Rørsenter sine VA miljøblad for detaljutforming av ulike anleggsdelar.
Det blir oppmoda om at også private vassverk tek VA-norma i bruk.
Bruk av alternative løysingar/materiale er ikkje forbode, men i slike tilfelle skal desse godkjennast særskilt av VA-ansvarleg i kommunen.
VA-norma er basert på malen til NORSK VANN.
Utarbeiding av norma har blitt gjennomført av ei arbeidsgruppe med følgjande medlemmar:
- Torstein Engstad – Aukra kommune
- Johnny Ståle Bjerkan – Aukra kommune
- Alf Høgset - Gjemnes kommune
- Trond Skar – Gjemnes kommune
- Vegard Øverås Lied - Nesset kommune
- Inge Rakvåg - Midsund kommune
- Magne Opstad – Midsund kommune
- Leif Grande - Rauma kommune
- Ove Doseth - Rauma kommune
- Arve Rekdal – Vestnes kommune
Planarbeidet starta opp mai 2014. Det har vore gjennomført 5 møte i arbeidsgruppa.
Sivilingeniør Tobias Dahle har vore sekretær.
Vedleggsoversikt
Vedlegg A
- Vedlegg A.1: Plan og lengdeprofil
- Vedlegg A.2: Grøftesnitt – 2. nivå
- Vedlegg A.3: Grøftesnitt – 3. nivå
- Vedlegg A.4: Vasskum i veg
- Vedlegg A.5: Tilknyting i kum – vassforsyning
- Vedlegg A.6: Tilknyting til kommunalt avløpsanlegg
- Vedlegg A.7: Grøftestengsel
- Vedlegg A.8: Forenkla kumløysing
- Vedlegg A.9: Steinfelle
- Vedlegg A.10: Sandfang
- Vedlegg A.11: Systemskisser Avløp
Vedlegg B
- Vedlegg B.1: Retningslinjer for teknisk forprosjekt
- Vedlegg B.2: Krav til innmåling og dokumentasjon av VA anlegg
- Vedlegg B.3: Utforming av trykkaukestasjonar
- Vedlegg B.4: Utforming av pumpestasjoner avløp
- Vedlegg B.5: Retningslinjer for overvasshandtering