Alminneleg skjenkebevilling (permanent)Når treng du skjenkebevilling? Skal du starte ein serveringsstad og ønskjer å skjenke alkohol, må du søkje om både serverings- og skjenkebevilling. Les meir om serveringsbevilling. Har du serveringsbevilling frå før og ønskjer å skjenke alkohol, må du søkje om skjenkebevilling. Krav som du må oppfylle Styrar og stedfortredar ved staden må ha bestått kunnskapsprøva. Styrar og stedfortredar ved staden må vere over 20 år. Styrar og stedfortredar må vere tilsett ved staden eller arbeide der i kraft av eigarstilling. Alkohollova stiller krav om uklanderleg vandel. Ved eigarskifte må du søkje om ny bevilling. Korleis søkje om skjenkebevilling? Du må sende oss ein søknad om skjenkebevilling. Søknadsskjemaet er elektronisk. Du kan laste opp alle vedlegg i søknaden. Vedlegg som må følgje søknad om skjenkebevilling Dokumentasjon på at styrar og stedfortredar på staden har bestått kunnskapsprøve Dokumentasjon på at styrar og stedfortredar er tilsett ved skjenkestaden Stadfesta kopi av serveringsbevilling dersom det berre blir søkt om skjenkjebevilling Firmaattest for alle selskapa som er involverte i drifta av skjenkjestaden (Brønnøysundregistra) Skatteattest for søkjaren, eigaren og andre med stor innverknad på verksemda, basert på RF-1244 frå Skattedirektoratet Utskrift av aksjeeigarbok med alle involverte aksjonærar, med eigarforhold, stadfesta av revisor Planteikningar over arealet og funksjonane i lokalet Bruksløyve frå bygningsmyndigheitene Kor lang tid tek det? Kommunen skal behandle søknad om skjenkebevilling innan tre månadar etter at du har sendt inn ein fullstendig søknad. Søknaden vert sendt på høyring til politiet, Skatteetaten og sosialtenesta. Behandlingstida kan ta lengre tid, dersom høyringsinstansane brukar lang tid, har merknader til søknaden eller dersom du gjer endringar undervegs i søknadsbehandlinga. Klage på vedtak om skjenkebevilling Vedtak om skjenkebevilling er eit enkeltvedtak som du kan klage på. Slik klagar du på eit enkeltvedtak Dette vedtaket er eit enkeltvedtak som du kan klage på. Klagefristen er 3 veker frå du fekk vedtaket frå kommunen. Klagen sender du til: Aukra kommune Nyjordvegen 12 6480 Aukra eller til post@aukra.kommune.no Lover og reglar Oversikt over lover og reglar som gjeld for serverings-, sals- og skjenkestadar. Sist endra 01.12.2020 09.56