Kunnskapsprøve

Kven kan ta kunnskapsprøva?

Alle som ønskjer det kan ta kunnskapsprøva. Den som skal vere styrar eller stedfortredar på ein stad med sals- eller skjenkebevilling må ha bestått kunnskapsprøva.

Kvar tek du kunnskapsprøva?

Det er serviceavdelinga som held kunnskapsprøva i Aukra kommune. Ta kontakt med oss på telefon 71 17 15 00 for å avtale dato og tid.

Gjennomføring av kunnskapsprøve

  • Ta med gyldig legitimasjon (pass, førarkort eller bankkort med fødselsnummer og bilete).
  • Prøva er ei fleirvalsprøve på 60 minutt. Du må svare riktig på 24 av 30 spørsmål.
  • Prøva er på norsk. Du kan ikkje ha med tolk, men du kan bruke norsk ordbok.
  • Prøva er elektronisk.
  • Du kan ta prøva på nytt heilt til du består.

Tilrettelegging ved spesielle behov

Det er muleg å gje utvida tid til kandidatar som har behov for tilrettelegging, for eksempel ved dysleksi. Behovet må du dokumentere med legeerklæring. Du kan få inntil 30 minutt meir tid.

Ta kontakt med oss, dersom du har behov for anna tilrettelegging.

Gebyr for kunnskapsprøva for sals- eller skjenkebevilling

Gebyr for kunnskapsprøva for sals- eller skjenkebevilling
Kva Gebyr
Kunnskapsprøve 400 kr per forsøk

Pensum for kunnskapsprøve

  • Pensum for salsbevilling: Alkohollova kapittel 1, 3, 7-9 og alkoholforskrifta kapittel 1-3, 5-6, 8-11, 14
  • Pensum for skjenkebevilling: Alkohollova kapittel 1, 4-5, 7-9 og alkoholforskrifta kapittel 1-2, 4-6, 8-11, 14
  • Pensum for kontrollørar: Alkohollova kapittel 1, 3-5, 7-9 og alkoholforskrifta kapittel 1-6, 8-11, 14

Du må også kjenne til alkohollova sine øvrige bestemmingar.

Du kan kjøpe læremateriell hos Vinn (vinn.no).

Bevis for bestått kunnskapsprøve

Alle som består kunnskapsprøva får eit prøvebevis, som det er viktig å ta vare på. Dette er dokumentasjon om at du har naudsynt kunnskap om alkohollovgivinga. Beviset er gyldig på ubestemt tid. Det vert sendt til deg i etterkant.

Kontakt

Martina Susanne Böttcher
Konsulent
E-post
Mobil 94 82 64 42
Aukra kommune
Post- og besøksadresse: Nyjordvegen 12, 6480 Aukra
E-post
Telefon 71 17 15 00

Opningstider

Kommunehuset

Ekspedisjon: Kl. 10.00 til 14.00

Sentralbord: Kl. 9.00 til 14.30