Svømmebasseng

Informasjon om mellom anna opningstider og prisliste. 

Opningstider

Er det to ulike svømmetilbod - til dømes tilboda leik, moro og familie og mosjon - er bassenget er som delt i to med ein skillevegg.

Basseng - ordinære opningstider

Mosjon = svømming for å trene/halde seg i form. Bassenget vil bli delt slik at nokon kan leike og nokon kan svømme.

Julsundet skole og Gossen barne- og ungdomsskole har skolesvømming måndag til fredag. I tillegg er det sett av tid både til rehabilitering/fysioterapi, grupper – som til dømes dagsenter/bufellesskap, barnehage og organisert trening.

For Aktiv på dagtid og Aktiv senior, sjå eigen informasjon nedanfor: 

Temperatur i vatnet

  • Revmatikarsvømming: 34 grader
  • Tysdag til fredag: 29,5-30 grader
  • Laurdag: 32 grader
  • Søndag: 33 grader

Prisar

Alle 3. klassingane i Aukra kommune har gratis inngang til bassenget.

Prisane for enkeltbillettar gjeld per besøk.

Prisliste basseng
Kven/kva Enkeltbillett Halvårskort Årskort
Barn under 4 år Gratis
Barn (4-17 år) 40,- 750,- 1 300,-
Student/honnør 60,- 1 100,- 1 900,-
Vaksne (frå 18 år) 80,- 1 600,- 3 000,-
Familie (ein vaksen med barn frå same husstand) 150,- 2 500,- 4 200,-
Familie (to vaksne med barn frå same husstand) 200,- 3 400,- 6 000,-
Klippekort (alle) 10 klipp, betal for 8 klipp

Kjøp av billett

Billett kan du kjøpe ved hovudinngangen til kulturhuset. Du kan betale med Vipps, kort eller kontant. 

  • Vippsnummer svømmebasseng: 122 677
  • Vippsnummer for trening i regi av Aukra Revmatikerforening: 114 981

Sikkerheitsreglar for svømmebassenget

  • Bassengvakta vurderer kor mange som kan vere i bassenget samtidig
  • Barn t.o.m. 4. klasse må ha følge av foreldre/vaksne
  • Dei badande skal til ei kvar tid rette seg etter tilvising frå badevakta

Hygienereglar

  • Er du i tvil om du er frisk, hald deg heime.
  • Du skal ikkje besøke bassenget dersom du er sjuk.
  • Alle SKAL dusje før dei går inn i bassenget.
  • Vi oppfordrar til bruk av kontaktløs betaling (Vipps og kort).

Kontakt

Bassenget
Besøksadresse: Aukraringen 3, 6480 Aukra
Mobil 47 67 47 86