Aktiv senior

Aktiv Senior er for deg som er pensjonist og ønskjer å vere med på fysisk aktivitet saman med andre. Vi ønskjer å gje deg eit aktivitetstilbod i kvardagen.

Vårsemesteret 2024 har starta.

Kven kan få tilbod om Aktiv senior?

Dette tilbodet er for pensjonistar frå den dagen du går av med pensjon, uavhengig om du er 62 eller 70 år.

Slik melder du deg på Aktiv senior

Fyll ut påmeldingsskjemaet. Skjemaet er elektronisk.

Når får du svar på påmeldinga?

Du får svar på påmeldinga innan kort tid. 

Kva kostar det å delta på Aktiv senior? 

  • Medlemskort kostar kr 400,- per halvår.
  • Innbetalingsgiro vert sendt i posten.

Aktiv på dagtid/aktiv senior - aktivitetar

Aktiv på dagtid/aktiv senior - turplan

Utstyr

  • Bassenggruppe: Ta med badeklede og vassflaske.
  • Turgruppe: Ta på egna klede og sko til utebruk, og gjerne niste og drikke.
  • Aukrahallen: Ta på egna klede og sko til innebruk. Hugs eige liggeunderlag, handduk og vassflaske.

Kontakt

Tove Charlotte Æsøy
Folkehelsekoordinator
E-post
Mobil 90 80 96 46
Aukra kulturhus
Besøksadresse: Aukraringen 3, 6480 Aukra
Telefon 90 98 62 51