Aktiv på dagtid

Aktiv på dagtid er eit tilrettelagt aktivitetstilbod til deg som ønskjer å komme i gong med fysisk aktivitet saman med andre. Vi ønskjer å gje deg eit aktivitetstilbod i kvardagen.

Kven kan få tilbod om Aktiv på dagtid?

Menn og kvinner mellom 18 og 67 år som bur i Aukra kommune, og står heilt eller delvis utanfor arbeidslivet og mottek:

  • Sjukepengar
  • Uføretrygdingar
  • Overgangsstønad
  • Dagpengar
  • Arbeidsavklaringspengar
  • Sosialstønad
  • Deltakarar i kvalifiseringsprogrammet

Er du pensjonist, kan du melde deg på Aktiv senior.

Slik melder du deg på Aktiv på dagtid

Fyll ut påmeldingsskjemaet. Skjemaet er elektronisk.

Når får du svar på påmeldinga?

Du får svar på påmeldinga innan kort tid. 

Kva kostar det å delta på Aktiv på dagtid? 

  • Medlemskort kostar kr 400,- per halvår.
  • Innbetalingsgiro vert sendt i posten.

Aktivitetar og turar

Aktiv på dagtid og aktiv senior - aktivitetar

Aktiv på dagtid og aktiv senior - turplan

Du kan også laste ned turplanen som PDF-dokument (PDF, 153 kB)

Utstyr

  • Bassenggruppe: Ta med badeklede og vassflaske.
  • Turgruppe: Ta på egna klede og sko til utebruk, og gjerne niste og drikke.
  • Aukrahallen: Ta på egna klede og sko til innebruk. Hugs eige liggeunderlag, handduk og vassflaske.

Kontakt

Tove Charlotte Æsøy
Folkehelsekoordinator
E-post
Mobil 90 80 96 46
Aukra kulturhus
Besøksadresse: Aukraringen 3, 6480 Aukra
Telefon 90 98 62 51