Vil du vere bøsseberar i årets TV-aksjon?

Årets aksjon går til Redd Barna og deira arbeid med å hjelpe barn i krig og konflikt.

Aukra treng til saman 57 bøsseberara, fordelt på 24 roder i Julsundet, på Gossen og på Orta. Dersom du kan tenke deg å gå en tur med bøsse i år, kan du registrere deg på TV-aksjonen si heimeside.

Registrer deg som bøsseberar

Årets TV-aksjon går av stabelen søndag 22. oktober 2023. Bøsseberarane møter ca. klokka 15 for å hente bøssa si. Dei som melder seg som bøsseberar vil få eit brev med informasjon og rodekart frå kommunen.

Les meir om TV-aksjonen på vår heimeside.