Kva er TV-aksjonen?
TV-aksjonen vert utført kvart år sidan 1974 og har blitt Noregs største dugnad. TV-aksjonen går av stabelen i oktober kvart år. På ein søndag mellom kl. 16 og kl. 18 er bøsseberarane på tur omkring i kommunen.
Eg vil vere bøsseberar for TV-aksjonen
Dersom du vil vere bøsseberar, kan du melde deg på tvaksjonen.no. Dette er TV-aksjonen si offisielle side, der alle bøsseberarar kan registrere seg. Kommunen får melding om at du har meldt deg på, og vil ta kontakt med deg.
Kor og når skal eg hente bøssa?
Vi har to hentestadar i Aukra kommune, ein på Gossen og ein på Julsundet. Når du har registrert deg som bøsseberar vil du få eit brev med oppmøtestad og kart. I dette brevet vil vi forklare nærmare, kva som skjer på aksjonsdagen og kven du deler rode med. Kort sagt, henter du bøssa i 15.15-tida, går på roda di og leverer bøssa tilbake, der du har henta ho.
Kor mange bøsseberarar treng vi?
Aukra kommune har 24 roder, og vi treng til saman 57 bøsseberarar. Det er anten to eller tre personar som går på same rode. De kan gå saman eller dele roda i to/tre og gå kvar sin del av roda.
Må eg ha kontantar når bøsseberarane kjem på besøk?
Du kan gjerne gi eit bidrag i kontant, men du kan også bruke Vipps. Vipser du mellom kl. 16 og kl. 18 på aksjonsdagen, vil bidraget ditt bli registrert som bøssebidrag i statistikken. Vippsnummeret er forskjellig frå år til år og TV-aksjonen legg ut informasjon om nummeret på aksjonsdagen. Bøsseberarane har og Vippsnummeret med seg på aksjonsdagen.
TV-aksjon 2023
I 2023 er TV-aksjonen på søndag 22. oktober. I år skal pengane som vert samla inn, gå til Redd Barna. Dei skal bruke pengane til å hjelpe krigsramma barn - både i Noreg og rundt om i verda.