Sommaraktivitetar 2023 i Aukra

Lurer du på kva du kan gjere i Aukra i sommar? Finn litt inspirasjon i denne artikkelen.

Sommarkafé på Aukra kulturhus

  • 24. juni til 5. august
  • Måndag til laurdag kl. 11-15
  • Sal av vaflar, kaffi, saft og is

Sommarutstilling på Liljå

Aukra kunstlag inviterer til salsutstilling av bilete og produkt frå lokale kunstnarar.

Løvikremma kystgard

  • Ope 26. juni - 6. august kl. 12-16
  • Sal av kaffi og vaflar
  • Utstilling og sal av bilete, kort, strikkeprodukt og luer/panneband

Løvikremma er frå ca. 1860 og er ein typisk kystgard, der næringsvegande har vore jordbruk og fiske. I sommarsesongen er frivillige frå Aukra vertskap og tek i mot dei besøkande. 

Følg Løvikremma på Facebook for å få informasjon om arrangement.

Besøk heimesida til Løvikremma kystgard.

Svømmebasseng

Sommaropningstider 1. juli - 20. august 2023

Sommaropningstider 1. juli - 20. august 2023
Vekedag Klokkeslett
Måndag 17.00-20.30
Tysdag 07.00-11.00
Onsdag Stengt
Torsdag Stengt
Fredag 14.00-18.00
Laurdag 12.00-16.00
Søndag 12.00-16.00

Biblioteket

Sommaropningstider Aukra bibliotek 24. juli - 6. august

Sommaropningstider Aukra bibliotek 24. juli - 6. august
Dag Opningstid
Måndag 11.00-15.30
Tysdag 14.00-19.00
Onsdag 11.00-15.30
Torsdag Stengt
Fredag Stengt
Laurdag 10.00-14.00
Søndag Stengt

Sommarles 1. juni - 31. august

Sommarles er i gong. Frå 1. juni til 31. august kan alle 1. - 7. klassingar i Aukra vere med på lesekampanjen saman med barn frå heile Noreg. Sommarles har vore ein stor suksess gjennom fleire år, og i fjor sette vi ny rekord i Aukra med over 130 000 lesne sider!

Målet med kampanjen er å motivere barn til å lese så mykje som mogleg i løpet av ein lang sommarferie. Barna kan registrere bøkene dei har lese og samle poeng på Sommarles si heimeside. All lesing tel, anten barnet les sjølv, blir lest for eller høyrer på lydbok. Etter kvart får dei både digitale trofé og små premiar som dei kan hente på biblioteket. Dei kan og følgje med i årets Sommarles-forteljing, som er skrive av Mari Moen Holsve, og få poeng for å løyse oppgåver som er knytta til forteljinga. Om nokon har spørsmål om registrering er det berre å kontakte biblioteket.

I september blir det stor Sommarles-fest på biblioteket med mat, underhaldning og trekning av litt større premiar (informasjon om det kjem). Og kanskje klarar vi å slå lese-rekorden frå i fjor…?

Tur, friluftsliv, badeplassar

Du finn ei oversikt over turmoglegeheiter, friluftsliv og badeplassar på vår heimeside.

Finn turinspirasjon på StikkUT si heimeside.

BUA Aukra - Utlånssentralen

På BUA kan du låne fritidsutstyr gratis. Sjå BUA si side for meir informasjon og tilgjengeleg utstyr.

Du finn BUA i 2. etasje på Aukra kulturhus, ved kulturadministrasjonen.

Sommaropningstider BUA Aukra 1. juli - 31. august

Sommaropningstider BUA Aukra 1. juli - 31. august
Dag Opningstid
Måndag 12.00-14.00
Tysdag Stengt
Onsdag 12.00-14.00
Torsdag Stengt
Fredag 12.00-14.00
Laurdag Stengt
Søndag Stengt