Overgangen til Helseplattformen gjekk som planlagt

Helseplattformen er no i bruk i alle kommunane i Romsdal. Fredag klokka 21:37, ein knapp halvtime før skjema, blei Helseplattformen skrudd på i Hustadvika, Molde, Aukra, Rauma og Vestnes kommunar.

Overgangen gjekk som planlagt. Tidlegare på dagen blei dei gamle journalsystema skrudd av, og gjennom heile fredagen har eigne kommandosenter i alle dei fem kommunane gjennomført oppgåver etter nøye planlagde arbeidslister. Klokka 21:37 blei det bekrefta at alle oppgåvene var ferdigstilt.

I alle dei fem kommunane har politisk og administrativ leiing, nøkkelpersonell i prosjektet og tilsetterepresentantar følgt nøye med gjennom kvelden. Nokre kommunar har òg hatt besøk av representantar frå Helseplattformen og Helse Møre og Romsdal.

Les meir:

Romsdalskommunane tek i bruk Helseplattformen i kveld

Ni nye kommuner kobler seg på Helseplattformen (helseplattformen.no)