Romsdalskommunane tek i bruk Helseplattformen i kveld

Fredag 3. november slår romsdalskommunane av gamle journalsystem, og klokka 22 same kveld vert Helseplattformen skrudd på. Det inneber at over 4 000 tilsette tar i bruk eit helt nytt arbeidsverkty.

Målet om éin felles pasientjournal for innbyggarar i Midt-Noreg står ved lag, og kommunane Molde, Aukra, Hustadvika, Vestnes og Rauma tek no viktige steg på vegen mot ein samanhengande helseteneste for pasientar og tilsette. 

-Alle kommunane i Romsdal er deleigarar i Helseplattformen AS og vi har forberedt oss godt for å ta dette felles løftet. Det opplyser kommunedirektør Per Sverre Ersvik i Hustadvika kommune. Han er medlem av samarbeidsrådet for Helseplattformen og uttalar seg her på vegne av alle kommunane i Romsdal. 

Kommunane er godt forberedt

Mange kommunar i Midt-Noreg har allereie innført Helseplattformen. Først ut var Trondheim kommune i mai 2022.  Ålesund kommune var først i Møre og Romsdal. Dei innførte Helseplattformen i april i år. Fredag 3. november er det ni kommunar som tek i bruk løysinga. I tillegg til romsdalskommunane er dette Kristiansund, Fjord, Rindal og Sula kommunar.

Samanlikna med utfordringane som St. Olavs hospital står i, så har overgangen til nytt journalsystem gått langt betre i kommunane. 

- Vi må sjølvsagt rekne med ein del innkøyringsproblem med eit så stort teknologisk skifte, men vi er klare til å ta overgangen no, seier Ersvik.  

Det vil ta tid for tilsette i romsdalskommunane å venne seg til eit helt nytt system, og kapasiteten i kommunehelsetenesta kan bli redusert. For eksempel kan det ta noko lengre tid å få svar på telefon, eller saksbehandlingstida kan vere litt lengre enn normalt. Kommunane reknar også med at tilsette kan ha litt mindre tid til pasientar og pårørande i ein periode. 

-Vi skal halde oppe eit forsvarlig tenestetilbod, men ber om forståing og tålmod no i startfasen, seier Ersvik.

Som ei ekstra sikkerheit er det også etablert ein midlertidig rutine mellom kommunane og Helse Møre og Romsdal. Når kommunane sender elektronisk melding til eit sjukehus, skal dei også ringe for å vere sikker på at meldinga kjem fram. 

Support og opplæring

Dei første vekene etter innføring stiller Helseplattformen med hjelp til alle kommunane som tek i bruk løysinga. I tillegg har kommunane et eige støtteapparat i form av instruktørar og superbrukarar. 

Romsdalskommunane har kjørt felles opplæring av tilsette tilpassa ulike yrkesgrupper, og til saman har over 4 000 tilsette innan helse og omsorg vore på kurs. I tillegg har tilsette gjennomført e-læring og eigentrening. 

Les meir: Ni nye kommunar koplar seg på Helseplattformen (helseplattformen.no)