Invitasjon til tilbodskonkurranse på hogst og omsetning av tømmer frå Aukraskogen

Aukra kommune vil med dette invitere til tilbodskonkurranse på hogst og omsetning av tømmer frå Aukraskogen.

Om konkurransen

Det er sendt ut tilbod til eit utval tømmerkjøparar og entreprenørar i området, samt at dokumenta er lagt ut lengre ned i artikkelen.

Det er krav om referansar og erfaring frå arbeid med tilsvarande prosjekt eller oppdrag samt gjennomført opplæring i Arbeidsvarsling kurs 1 i samband med arbeid på og ved veg.

Aukra kommune ønskjer at arbeidet vert utført vinteren 2023/2024. Opprydding og sporsletting må skje seinast innan 30. juni 2024.

Oppdrag

Oppdraget er første trinn i fleire hogst- og skjøtseltiltak for å få ein skog med større andel furu og lauvtre.

Oppdraget er todelt. Første del er slutteavvirkning av ordinær hogstmoden granskog. Andre del er skjøtsel av eit yngre bestand. Tiltaket er tynning og utval av framtidstre.

Felles befaring før tilbod

Det vert arrangert ei felles befaring og tilbydarar som ønskjer å gje tilbod, vert bede om å melde sin interesse til Ragnhild Småsund eller Torstein Engstad før befaringa.

Meld din interesse til Ragnhild Småsund.

Meld din interesse til Torstein Engstad.

Dato, tid og stad for befaringa

  • 19. juni 2023 kl. 10.00
  • Oppmøte ved parkeringsplassen bak ferjekaia

Korleis kan eg levere tilbod?

Du må sende desse dokument:

  • Ferdig utfylt og signert tilbodsark
  • Gjennomføringsplan

Send dokumenta per e-post til

Frist for tilbod

Frist for å levere tilbodet er 30. juni 2023 kl. 12.00 på dagtid.

Val av tilbydar og kriteria for tildeling

Evaluering av innkomne tilbod og val av tilbydar skjer i veka etter at fristen har gått ut. Tildelingskriteria er pris, gjennomføringsplan og tilgang på eigna utstyr.

Dokument for konkurransen

Kontaktinformasjon

For meir informasjon kan du ta kontakt med