Redusert foreldrebetaling/gratis SFO

Kven kan få redusert foreldrebetaling/gratis SFO?

Ingen familiar skal betale meir enn seks prosent av den totale årsinntekta si for ein SFO-plass. Ordninga gjeld for elevar på 1. til 4. trinn. 

Barn med særskilde behov har rett til gratis SFO frå 5. til 7. trinn. Du søkjer på same skjema som for redusert foreldrebetaling. Du treng ikkje legge ved dokumentasjon for inntekt for å søkje om dette.

Meir informasjon om redusert foreldrebetaling/gratis SFO frå Utdanningsdirektoratet

Søknadsfrist for redusert foreldrebetaling/gratis SFO

Søknadsfristen er 15. juni for at reduksjonen skal gjelde frå første betalingstermin på hausten. Vedtaket vil gjelde frå 1. august og ut skoleåret.

Søknadar som kjem inn etter 15. juni vert behandla fortløpande, og vedtak om redusert foreldrebetaling vil gjelde frå den første heile månaden etter søknadstidspunktet og ut skoleåret.

Du kan søke undervegs i SFO-året dersom det er vesentleg og varig endring i inntekta. Det kan vere at inntekta går kraftig ned grunna arbeidsløyse, samlivsbrot, dødsfall og liknande.

Slik søkjer du om redusert foreldrebetaling/gratis SFO

Du må sende ein ny søknad for kvart skoleår.

Du kan søkje om redusert foreldrebetaling/gratis SFO ved å benytte vårt elektronisk søknadsskjema.

Søknad om redusert foreldrebetaling/gratis SFO

Vedlegg til søknad om redusert foreldrebetaling/gratis SFO

  • Siste skattemelding (sjølvmeldinga) for alle i hushaldet.
  • Dersom du ikkje kan leggje fram skattemeldinga, må du leggje fram anna dokumentasjon på inntekt.
  • Dersom du har skattepliktige person- og kapitalinntekter som ikkje står i skattemeldinga, må du dokumentere desse. Det gjeld til dømes renteinntekter, aksjeutbytte og leigeinntekter.
  • Dersom du søkjer om gratis SFO for barn med særskilde behov (5.-7. trinn), legg du ved den dokumentasjonen du har.

Søknaden vert ikkje behandla før all dokumentasjon er sendt inn.

Klage på vedtak om redusert foreldrebetaling/gratis SFO

Vedtak om foreldrebetaling kan du klage på. 

Regelverk

Forskrift til opplæringslova - reduksjon i foreldrebetaling for elevar på SFO

Kontakt

Marianne Bolghaug
Pedagogisk rådgjevar
E-post
Mobil 91 51 01 68
Aukra kommune
Post- og besøksadresse: Nyjordvegen 12, 6480 Aukra
E-post
Telefon 71 17 15 00

Opningstider

Kommunehuset

Ekspedisjon: Kl. 10.00 til 14.00

Sentralbord: Kl. 9.00 til 14.30