Skjenkebevilling for opent og lukka arrangementNår må du søkje om skjenkebevilling for arrangement? Du må søkje om bevilling, dersom: du skal ha eit arrangement som er opent for publikum, innandørs og/eller utandørs på eit avgrensa område du leigar lokalar og tek betalt for alkohol du skal servere alkohol på offentlege plassar som for eksempel i ein gapahuk på badestrand. Du må søkje, sjølv om du ikkje tek betalt for alkohol du skal servere alkohol i eit lukka selskap som for eksempel bryllaup eller interne arrangement i bedrifter og er ikkje eigar, leigar, drivar eller tilsett ved lokale. Krav som du må oppfylle/viktig å vite Styrar og stedfortredar må vere over 20 år. Styrar og stedfortredar må ha uklanderleg vandel. Skjenkebevilling for opent og lukka arrangement gjeld berre for øl og vin (gruppe 1 og 2). Aukra kommune innvilgar ikkje skjenkebevilling til arrangement som rettar seg mot barn og ungdom under 18 år. Korleis søkje om skjenkebevilling for arrangement? Du må sende oss ein søknad om skjenkebevilling. Det er same søknad for både opent og lukka arrangement. Søknadsskjemaet er elektronisk. Du kan laste opp eventuelle vedlegg i søknaden. Søk om skjenkebevilling for arrangement Kva kostar det? Gebyr for skjenkebevilling Skjenkeløyve - alkohollova Gebyr 2022 Ambulerande skjenkeløyve og løyve for eit enkelt høve, per arrangement: Kr. 400,- Kor lang tid tek det? Kommunen behandlar søknad om skjenkebevilling for opent og lukka arrangement innan to veker etter at du har sendt inn ein fullstendig søknad. Søknaden vert sendt på høyring til politiet. Behandlingstida kan ta lengre tid, dersom høyringsinstans brukar lang tid, har merknader til søknaden eller dersom du gjer endringar undervegs i søknadsbehandlinga. Kva er eit lukka arrangement/slutta lag? Kva er eit lukka arrangement/slutta lag? Eit lukka arrangement eller slutta lag betyr at det er samla ein bestemt krets med menneske i samband med eit bestemt føremål i ein bestemt lokale, for eksempel bryllaup, konfirmasjon, jubileum. Deltakarane i selskapet må med andre ord ha ein eller anna tilknyting til dei som inviterer til selskapet. Det er ikkje tilstrekkeleg at man skriv seg på ei liste eller kjøper billettar i forkant av arrangementet. Vanlege medlemsmøte i ein foreining vil ikkje oppfylle lova sitt krav til lukka arrangement/slutta lag. Klubbar og liknande med avgrensa medlemskap er ikkje i seg sjølv eit slutta lag. Klage på vedtak om skjenkebevilling Vedtak om skjenkebevilling er eit enkeltvedtak som du kan klage på. Slik klagar du på eit enkeltvedtak Dette vedtaket er eit enkeltvedtak som du kan klage på. Klagefristen er 3 veker frå du fekk vedtaket frå kommunen. Klagen sender du til: Aukra kommune Nyjordvegen 12 6480 Aukra eller til post@aukra.kommune.no Lover og reglar Oversikt over lover og reglar som gjeld for serverings-, sals- og skjenkestadar. Sist endra 07.02.2022 13.25