SkogforvaltningEit varmare klima kan bidra til auka attgroing og til at kulturmiljø og landskap endrar seg. Når beitemarker og setergrender gror att, vil det biologiske artsmangfaldet i desse kulturmiljøa verte påverka og opplevingsverdien vert endra. Årsaka til dette er nok først og fremst endra driftsformer i landbruket (mindre beite, mindre seterdrift). Dei viktigaste kulturarbeidarane utanfor dei areala som traktoren held i hevd er sau, geit og storfe, men beitedyra kan ikkje gjere jobben åleine. Vi må supplere med manuelle tiltak, som til dømes tynning av krattskog. Stimuleringstilskot til å gjere dette arbeidet er naudsynt. Aukra kommune har stimuleringstilskot til landbruket, kor dette arbeidet er eit av fleire tiltak det er mogleg å søke støtte til. Aukra kommune skal informere og tilby god rettleiing i slike saker. Skogsforvaltningsplanane Les meir om stimuleringstilskot Publisert 23.02.2022 08.41 Sist endra 11.07.2023 09.30