Stimuleringstilskot til landbruket

Stimuleringstilskot til landbruket skal motivere til vidare arbeid, primært for dei aktive bruka, då denne næringa representerer ei samfunnsbygging vi treng vidare i Aukra.

Stimuleringstilskotet skal med støtte til konkrete tiltak bidra til reduksjon av klimagassutslepp og støtte opp under ei berekraftig forvaltning av naturen og kulturlandskapet.

Kven kan søkje om stimuleringstilskot til landbruket?

Alle aktive landbruk i Aukra kommune kan søkje om stimuleringstilskot.

Kva kan du få stimuleringstilskot til?

  • Tiltak for rensking eller senking av kanaler (opne grøfter)
  • Vedlikehaldsgrøfting
  • Skjøtsel av leplantefelt – spesielt knytt til dyrkamark
  • Nydyrking
  • Gjødsellager
  • Eventuelle andre tiltak

Vilkår for stimuleringstilskot til landbruket

  • Tilskotet kan dekkje inntil 50 % av utgiftene
  • Du kan få tilskotet i tillegg til andre tilskot (til dømes BU-midlar eller SMIL-midlar). Samla tilskot kan ikkje overstige 50% av godkjent kostnadsoverslag.
  • Der det finst andre tilskotsordningar, må du søkje på dei først
  • Nedre kostnadsgrense for å få tilskot er kr 10 000,-

Korleis søkje om stimuleringstilskot til landbruket?

Det er ikkje eige søknadsskjema for ordninga. Ta kontakt med Aukra næringsforum for rettleiing. 

Søknaden skal innehalde

  • omfang og føremål med tiltaket
  • fullstendig kostnadsoverslag over materialar og arbeidskostnadar
  • oversikt over korleis tiltaket skal finansierast
  • tekniske planar, utarbeidd av kommunen eller annan fagetat med kompetanse
  • skriftlege avtalar med grunneigarar dersom tiltaket er fellestiltak eller der du ikkje sjølv er eigar av eigedomen der tiltaket skal utførast
  • opplysningar om det er søkt finansiering gjennom andre ordningar

Kontakt Aukra næringsforum

Frist for å søkje om stimuleringstilskot til landbruket

Frist for å søkje om stimuleringstilskot er 1. mai kvart år.

Retningslinjer for stimuleringstilskot til landbruket

Les retningslinjene (PDF, 139 kB)