Fysioterapi

Om fysioterapitenesta

I Aukra kommune er det fire fysioterapeutar. Alle held til på helsesenteret på Falkhytten. Tenesta består av to kommunalt tilsette fysioterapeutar og to fysioterapeutar med driftsavtale med kommunen.

Vi samarbeidar med andre faggrupper som til dømes ergoterapeut, skole, barnehage, lege, helsesjukepleiar, psykisk helse og heimetenesta.

Kva kan du få hjelp til?

  • Kartlegge dine ressursar og moglegheiter ved skader eller andre fysiske utfordringar 
  • Følgje opp dine mål og behov i ei tidsavgrensa periode 
  • Bistand til å komme i gang med fysisk aktivitet 
  • Helsefremjande og førebyggjande arbeid, til dømes fallførebyggjande tiltak, livsstilsendring, kvardagsrehabilitering 
  • Målretta tilbod om habilitering eller rehabilitering 

Les meir om livsstilendring

Bestille time hos fysioterapeuten

For å få fysioterapi, må du

  • fylle ut kontaktskjemaet for fysioterapi eller
  • ha rekvisisjon frå lege

Fyll ut kontaktskjemaet
 

Dersom du ikkje kan fylle ut skjemaet elektronisk, finn du papirskjemaet under Alle skjema.

Kor raskt kan du få time hos fysioterapeuten?

  • Du må rekne med ein viss ventetid. Dersom vi vurderer at det hastar, kan du få behandling innan 14 dagar. Øvrig ventetid varierer.
  • Fysioterapeutane har felles venteliste.

Avbestilling av fysioterapitime

Avbestilling av time må skje seinast 24 timar før oppsatt time. Dersom du ikkje avbestiller timen dagen før, må du betale for timen. Ring til den aktuelle fysioterapeuten for avbestilling av time.

Kva kostar fysioterapi?

Du må betale eigenandel for tenestene frå fysioterapi. Les meir om satsane, frikort og tak for eigenandel på helsenorge.no.

Eigenandel for fysioterapi

Pasientreiser

Dersom du av medisinske årsaker ikkje kan kome deg til fysioterapeuten, skal fysioterapeuten bestille transport via pasientreiser. Opplys om det når du bestiller time.

Les meir om pasientreiser

Kontakt

Therese Stokke Viken
Fysioterapeut
E-post
Mobil 97 16 07 13
Silje Solheim Sunde
Fysioterapeut
E-post
Mobil 47 45 16 11
Kimberly Iversen
Fysioterapeut
E-post
Mobil 94 82 70 02
Rolf Oterhals
Fysioterapeut
E-post
Mobil 99 62 81 69

Opningstider

Fysioterapi

Kvardagar mellom kl. 08.30 og 15.30

Adresse

Besøks- og postadresse Aukra fysioterapi

Aukraringen 17

6480 Aukra