Frisklivssentral

Frisklivssentralen er ei kommunal førebyggjande helseteneste.

Kven kan få tilbodet?

Målgruppa er personar som har behov for støtte til å endre levevaner på grunn av auka risiko for sjukdom, eller som allereie har utvikla sjukdom. Frisklivssentralen gjev tilbod om hjelp til å starte ein endringsprosess og mestre nye levevanar.

Slik søkjer du

Fastleger, anna helsepersonell og NAV kan tilvise til frisklivssentralen ved å skrive ut ein frisklivsresept. Det er også mogleg å ta kontakt sjølv.

Kor lenge får eg delta på tilbodet?

  • Den som er tilvist frisklivssentralen vil i fyrste omgang få tilbod om oppfølging i 12 veker.
  • Perioden byrjar med ein individuell helsesamtale, kor ein saman utarbeidar ulike mål og ein plan for perioden. Helsesamtalane har fokus på å styrke eigen motivasjon til endring og oppleving av mestring.
  • Det er også tilbod om oppfølgingssamtaler i løpet av perioden. Ein får tilbod om å delta på treningsgrupper og bra mat kurs.
  • Perioden avsluttast med ein ny helsesamtale, ein blir då einige om å enten avslutte oppfylginga eller fortsette med ein ny periode.

Kva kostar det?

Kr. 300,- for ein periode på 12 veker.

Frisklivssentralen sitt treningstilbod

Bra mat kurs

Kontakt

Camilla Hjellset Orø
Leiande helsesjukepleiar
E-post
Mobil 91 32 59 30
Therese Stokke Viken
Fysioterapeut
E-post
Mobil 97 16 07 13

Opningstider

Fysioterapi

Kvardagar mellom kl. 08.30 og 15.30

Adresse

Besøks- og postadresse Aukra fysioterapi

Aukraringen 17

6480 Aukra