Informasjon til leigetakarar i heildøgns omsorgsbustadar

Heildøgns omsorgsbustad er eit tilbod som kjem før eventuelt langtidsopphald i institusjon. Bebuar leiger bustad i Aukra omsorgssenter.

Du kan få enkeltvedtak om heimehjelp/praktisk bistand og heimesjukepleie frå heimetenesta på same måte som heimebuande. Tenester vert tildelt individuelt etter grundig kartlegging av funksjonsevne og omsorgsbehov.

Etasjane er ikkje fast bemanna med helsepersonell.

Om heildøgns omsorgsbustad

Heildøgns omsorgsbustad omfattar kjøkken/stove, soverom, bad, gang og bod. Bustadane ligg i 2. og 3. etasje i Aukra omsorgssenter.

Dette er inkludert i husleiga

  • Bustadane er utstyrt med komplette kvitevarer på kjøkken og ein ferdig montert smart-TV/flatskjerm.
  • Bustaden er utstyrt med gardiner og utvendig solskjerming (ikkje alle).
  • Straum, tryggleiksalarm og integrert TV-abonnement.

Meir informasjon om bustadane til leigetakar og pårørande

Kontakt

Nina Kristin Tomren
Einingsleiar heimetenester og institusjonstenester
E-post
Mobil 90 60 26 21
Malene Lillebostad
Leder/fagleder
E-post
Mobil 92 81 93 11
Pleie og omsorg, sentralbord
Mobil 41 85 90 00

Adresse

Besøksadresse Aukra omsorgssenter

Aukraringen 14

6480 Aukra