Heimehjelp

Praktisk hjelp og opplæring i heimen.

Om heimehjelpstenesta

Heimehjelp er eit tilbod til personar som er avhengig av hjelp og praktisk assistanse i kvardagen på grunn av sjukdom, funksjonshemming, alder eller andre årsaker.

Heimehjelpa hjelper deg med:

  • Praktisk bistand/heimehjelp omfattar reingjering i bustad med golvvask, støvsuging og støvtørking.
  • Hjelpa er avgrensa til daglege bruksrom.
  • Heimehjelpa kan hjelpe til med å klargjere måltid.
  • Du kan få hjelp til skift av klede, klesvask og skift av sengtøy.
  • Du kan ikkje spare timar for å nytte dei seinare.

Kven kan få tilbod om heimehjelp?

Personar som på grunn av sjukdom, funksjonshemming eller alder treng hjelp i heimen sin.

Slik søkjer du om heimehjelp

Send inn søknad om pleie- og omsorgstenester. I søknadsskjemaet skildrar du hjelpebehova dine og kva tenester du meiner du treng. Vi vurderer helsetilstanden din og finn det helsetilbodet som passar best for deg.

Send inn søknad

Her finn du papirskjemaet for søknad om pleie- og omsorgstenester.

Kva kostar heimehjelpstenesta?

Det er høve til å søkje om heil eller delvis fritak for eigabetaling dersom den økonomiske situasjonen tilseier at brukar sjølv ikkje har midlar til å kunne kjøpe seg hjelp som er nødvendig for å kunne greie seg i heimen.

Klage på vedtak om heimehjelp

Om du ikkje er nøgd med vedtaket, kan du klage på det. Klagefristen er 3 veker frå du fekk vedtaket frå kommunen. 

Kontakt

Nina Kristin Tomren
Einingsleiar heimetenester og institusjonstenester
E-post
Mobil 90 60 26 21
Pleie og omsorg, sentralbord
Mobil 41 85 90 00

Adresse

Besøksadresse Aukra omsorgssenter

Aukraringen 14

6480 Aukra