Vintersesong for Stikk UT! har starta

I perioden frå 15.desember 2023 til 15. april 2024 er det ein ny vintersesong for Stikk UT! der du kan velje mellom 159 skiturar og 233 fotturar. 

Ta deg ein tur ut og opplev det fine lyset, stjernehimmel, vintervêret og fint skiføre. Inviter gjerne med deg ein turvenn. Det gjer godt for kropp og sjel! oppmodar Liv Synnøve Hoel i Friluftsrådet Nordmøre og Romsdal og Hilde Ellingsæter i Sunnmøre friluftsråd som er ansvarlege for Stikk ut!.

Større satsing og kilometervis med løyper

Stikk ut! Vinter er eitt samarbeid mellom friluftsråda i fylket, hovudsponsor Sparebanken Møre, 50 skiklubbar i Møre og Romsdal skikrins, skisenter, løypelag, deltakarkommunane og mange dyktige frivillige. Alle kommunane i Møre og Romsdal, Heim i Trøndelag og Bjorli i Lesja kommune er med. Friluftsråda har denne vinteren endå større satsing med både skiturar og fotturar og ønskjer å få med endå fleire deltakarar. 

Mange dyktige frivillige har gjort ein fantastisk jobb for å leggje til rette for at nettopp du kan kome deg ut på tur. Dei har hengt opp Stikk UT!-skilta, kodeklistremerka og laget turskildringar som kan inspirere deg til å gjere det enkelt å kome deg ut på tur, seier Hoel.

Stikk UT! Ski

Dei som køyrer trakkemaskinene har rusta seg på ny sesong og er klar til å lage kilometervis med fine skispor så snart snøen gjer det mogleg. Informasjon om når skiløypene er trakka ser du i Stikk UT!-appen der løyper.net er integrerte, seier Stig Aambø i Møre og Romsdal skikrins. Du kan velja mellom 159 flotte ski-turmål! Dei fleste med oppkøyrde spor til postane rundt om i skiløypene i fylket. Nokon Stikk UT! Ski-turmål er også lagt utanfor løypenettet. Dette er turar som eignar seg best med fjellski eller randoneeski.

På tur vinterstid

Å kome seg ut på vinteren er enklare enn du trur. På dei fleste nærturar er det nok å kle seg godt og varmt, ta på gode sko og kome seg ut døra, seier Hoel. 

Friluftsråda og skikrinsen har også nokre gode tips som du kan følgje. Kle deg etter vêret, ta med ein liten sekk med varm drikke, ei ekstra jakke, matpakke/tursnacks, hovudlykt og eitt par broddar for dei som går på beina. Sjekk turskildringa og vêrmelding. Då er du førebudd på fine turopplevingar.

Besøk ein gapahuk

Mange turmål går til ein gapahuk eller du passerer ein. Fleire gapahukar har gruer der du kan fyre opp eitt bål. Hugs gjerne litt ved og fyrstikker. Eitt bål varmar godt og det er koseleg å sitje saman med ein turvenn å nyte bålet og vinterlandskapet.

Å kome seg ut i mørketida er viktig for helsa

Friluftsråda har statistikk frå tidlegare sesongar som viser at det er jamn aktivitet gjennom alle vekedagar, med eitt lite hopp i helga der søndagsturen framleis er populær.

Me heiar på kvardagsaktiviteten. For kvart steig vi tek så vil kropp og sjel merke ein positiv effekt. Vi har allereie mange bedrifter som har meldt seg på for vintersesongen og det ser ut som det blir ny rekord for talet på bedrifter. Det er eitt godt tiltak for å motivere kollegaer til å vere aktiv i vintersesongen, seier Hoel og oppmodar endå fleire bedrifter til å melda seg på.

Premier til den som deltek på Stikk ut! Saman

Stikk ut! Saman er eitt konsept for å få endå fleire på tur saman. Å førebyggje einsemd og framme turglede er éin viktig bodskap for Stikk ut! Saman. 

For første gong har vi eitt enkelt konsept både i app, på stikkut.no og brosjyre som alle kan ta i bruk. Delta ved å gå fem turar saman med ein turvenn og meld deg på månadlege trekkingar av turpremiar med Stikk ut!-logo, oppmodar friluftsråda.

Stikk ut! Vinter varer heilt fram til 15. april 2024. Vi ønskjer alle god tur og håpar deltakarane blir inspirerte og får mange fine turopplevingar gjennom vinteren.

Vinterens Stikk UT!-turmål i Aukra

  1. Aukra kyststi
  2. Berghaugen
  3. Brenslen (ny)
  4. Gossen flyplass
  5. Hundetjønna
  6. Kleivhaugen
  7. Ramshaugen
  8. Riksfjordremma
  9. Rindarøya (ny)