Denne artikkelen er over 1 år gamal og kan innehalde utdatert informasjon

Vinnar av frivilligpris 2021

Aukra kommune har delt ut frivilligpris på frivilligfest 25. november

Torsdag 26. november arrangerte kulturavdelinga i Aukra kommune frivilligfest på Gossen barne- og ungdomsskole. Omkring femti personar var samla, og vart leia gjennom festen av Jens Petter Kjøll, leiar av Frivilligsentralen. Ingunn Hjelmås las ei fornøyeleg historie av Ajax: Styremøte før jul. Anna Lianes frå Møre og Romsdal fylkeskommune snakka til forsamlinga om frivilligheit – limet i samfunnet, og kor viktig frivilligarbeid er for samfunnet og den enkelte.

Neste år blir frivilligheita sitt år. Det frivillige arbeidet må verdsettast, og det gjer Aukra kommune gjennom frivilligfest og utdeling av frivilligpris. Prisen vart gitt til Sverre Søreide, ein engasjert plastpirat, som på fritida samlar søppel på holmar og i sjøen rundt Gossen. Sverre er fiskar i rederiet Hermes. Han er også kontaktperson i Møre og Romsdal for den landsdekkande organisasjonen Plastpiratene. Deira mål er å få menneske og hav på rett kjøl. Sverre vart overraska på Teams-sending, sett på storskjerm på Gossen barne- og ungdomsskole. Han fekk gode ord om viktig engasjement og godt arbeid, i tillegg til diplom og gavesjekk. Rederiet Hermes overrekte gavesjekk på 10.000,- kroner til arbeid i Plastpiratene.

Gratulerer til prisvinnar Sverre!