Vil du vere Stikk UT!-kunstnar?

Friluftsrådet i Nordmøre og Romsdal og Sunnmøre friluftsråd søkjer etter ny kunstnar til årets Stikk UT!-krus og skåler. Tidlegare har Arne Nøst og Signe Louise Aasen dekorert krusa og skålene. No ønskjer friluftsråda å overbringe stafettpinnen til ein ny kunstnar.

Om konkurransen

Konkurransen er open for både profesjonelle kunstnarar og amatørar. Motivet skal vere relatert til friluftsliv og det må vere mogleg å overføre det til trykk på porselen.

I 2023 hadde Stikk UT! 40 000 deltakarar der alle som hadde gått sju turar eller meir kunne bestille krus eller skål i premie til seg sjølv. Friluftsråda sel omtrent 3 000 krus og 2 000 skåler i året. Dei ønskjer å presentere årets motiv og kunstnar på Stikk UT!-kartet som vert sendt ut til alle husstandar i Møre og Romsdal og Heim kommune i Trøndelag siste veka i april.

Slik deltar du

  • Last ned mal frå Porsgrund porselen
  • Tekn inn ditt forslag til motiv, bruk 2-3 fargar
  • Send inn saman med ein kort presentasjon av deg sjøl til Liv@stikkut.no
  • Innsendingsfrist er 15. mars 2024

Utveljing og premie

Ei prosjektgruppe vel ut kandidat og motiv. Kunstnaren som vert vald til å lage årets motiv, vil motta 10 000 kr i honorar for arbeidet i 2024.