Velkommen til Digihjelpen og Digital kafé 1. halvår 2024

Digital kafe startar opp igjen måndag 15. januar kl. 14.00 - 16.00. Same dag tilbyr biblioteket digital hjelp. 

NB: Ny dag for digital kafé.

Digital hjelp

Kommunen tilbyr digital hjelp på biblioteket. Dette er eit lågterskeltilbod der du kan få hjelp til enkle ting. Om digihjelpa ikkje kan svare på dine spørsmål, kan du ta med deg spørsmåla til digital kafe som blir arrangert same dag, men til anna klokkeslett. Sjå meir om digital kafé nedanfor.

NÅR: Måndagar kl. 12 - 14

DATO: 15. januar til 18. mars 2024

STAD: Biblioteket

Digital kafé

Ønskjer du å lære meir korleis du brukar ein mobiltelefon, PC eller nettbrett?​

  • ​Er du usikker korleis du startar og slår av datamaskina? Vil du lære å sende ei melding eller korleis du kan ha ein videosamtale med barnebarnet? ​
  • ​Om du vil vere med på ein sosial ettermiddag med kaffi, vaflar og gode samtalar, då er digital kafé noko for deg. ​
  • ​Du kan komme kvar gong eller når det passar best. 
  • Det blir lagt opp til eit tema kvar gong. 

NÅR: Måndagar kl. 14.00 - 16.00

DATO: 15. januar til 18. mars 2024

STAD: Aukra kulturhus v/Soltun scene