Utlegging av eigedomsskatteliste for 2024

Skatteliste for eigedomsskatt i Aukra kommune låg ute til offentleg ettersyn i tre veker frå og med 1. mars 2024, jamfør eigedomsskattelova § 15.

Om eigedomsskatt for 2024

Aukra kommunestyret vedtok den 14. desember 2023, i sak 103/23, å skrive ut eigedomsskatt for skatteåret 2024. Rettsleg grunnlag er eigedomsskattelova (esktl.) § 3 bokstav c, jf. overgangsreglane til §§ 3 og 4. Skattesatsen blei i same sak fastsett til 7 promille.

Lista låg ut på kommunen si heimeside, og ved ekspedisjonen på kommunehuset. 

Eigedomsskatten forfell til betaling i to like store terminar, 15. april og 15. oktober 2024.

Administrativ og rettsleg prøving

Klage på fastsett eigedomsskattetakst kan fremjast kvart år i samband med den årlege utskrivinga av eigedomsskatt dersom det ikkje er klaga på same grunnlag tidlegare år. Klagen må sendast skriftleg til eigedomsskattekontoret innan seks veker rekna frå 1. mars 2024.

Søksmål om vedtaket er gyldig, kan berre reisast dersom skattytar har nytta klageretten, jf. esktl. § 29 og forvaltningslova § 27 b.

Eigedomsskattekontoret kan svare på spørsmål om utlikna eigedomsskatt.