Kommunen vil leiga inn fartøy og skipper/mannskap, som rettleier og fungerer som mentor for ei gruppe ungdommar. Ungdommane vil ha eigen kvote, og ordninga er regulert av eiga forskrift. Det er ikkje høve til å driva ordinært fiske medan ungdommane er om bord. Ungdommane vil få tryggingsopplæring, informasjon og opplæring om råstoff og kvalitet, og innsyn i fleire andre område som gjeld verdikjeda til fiskerinæringa.
Når skjer fisket?
- Fisket skal gå føre seg i løpet av sommarferien til skulen, mellom 22. juni og 19. august.
- Det skal fiskast i minst 5 dagar i veka, med fleksibilitet for dårleg vêr.
- Fartøyet må anten vera registrert i Fiskeridirektoratets merkeregister, Småbåtregisteret hos Redningsselskapet eller Skipsregisteret. Skipper/mentor skal ha nødvendige sertifikat og erfaring frå fiskeri.
- Det skal helst kunna fiskast med to ulike reiskapar, men det er ikkje eit krav.
- Det skal kompenserast for landligge på grunn av teknisk feil.
- Båt og utstyr skal vere i forskriftsmessig stand.
- Det kan krevjast politiattest for skipper/rettleiar.
Tilbodet skal inkludere følgjande:
- Pris for leie av båt med skipper/rettleier, inkludert utstyr og reiskap.
- Utgifter for drivstoff
- Talet på ungdommar det er plass til om gongen.
- Kva veker fartøy og skipper har høve til å delta.
- Opplysningar om fartøyet og type fiske som kan utførast.
- Opplysningar om skipper/rettleier (CV).
- Planlegging, førebuingar og organisering av sjølve fisket og opplæring om bord.
Innsending av tilbod
Skriftleg tilbod kan sendast innan 10.april 2024 til Aukra kommune, Nyjordvegen 12, 6480 Aukra eller til post@aukra.kommune.no
Tilboda blir vurderte ut frå pris, båt, kapasitet, reiskap og skipper/rettleiars erfaring. Det kan komma endringar i føresetnadene når forskrifta om ungdoms rett til å delta i Ungdomsfiske 2024 blir klar.
Aukra kommune held på retten til å forkasta alle tilbod, og dessutan å avlysa konkurransen, dersom det ligg føre sakleg grunn. Gjennomføring av tiltaket føreset at kommunen får tilskot som omsøkt hos Nærings- og fiskeridepartementet.
Kommunen vil lyse ut sommarjobb for ungdom som fiskar når nødvendig informasjon er på plass, følg med på nettsidene til kommunen og sosiale medium.
For meir informasjon
Kontakt prosjektleiing i Nordmøre Fiskebåt: