Strandryddeveka 2023 - Saman ryddar vi Noreg

På fredag 8. september startar Strandryddeveka 2023. Ingen kan gjere alt, men alle kan gjere litt! Vi vil oppmuntre å rydde langs elvar, innsjøar, strender, holmar, øyer, stiar og i sentrumsområde - gjerne i nærleiken av der du bur.

Når er strandryddeveka?

Du kan rydde heile året, men i 2023 er Strandryddeveka mellom 8. og 17. september. 

Kvar kan du hente utstyr til ryddinga?

Husk at du kan vaske hanskane på 40 grader, og bruke dei igjen og igjen.

Henting av søppel

Mindre mengder søppel som får plass i eigen dunk for restavfall, kan du levere på vanleg måte saman med hushaldningsavfallet.

Om det er større mengder søppel kan du levere avfallet gratis på gjenvinningsstasjonane til RIR. Ta sjølv kontakt med RIR om det er ønskeleg å avtale henting av avfallet.

Panteordninga "Stikk UT og plukk!"

Vil du bidra og samtidig samle inn pengar til ditt lag, foreining eller andre gode formål?

Nordmøre og Romsdal friluftsråd arrangerer Stikk UT og plukk, der de gir 100 kroner per innleverte sekk med søppel plukka frå strender, kysten, vassdrag og innsjøar. For å nytte seg av ordninga må du bestille pantelappar som du fester på sekkane med avfall.

Les meir om korleis du kan samle inn pengar til ditt formål på stikkutogplukk.no

Rydde - Appen for alle som ryddar

Rydde er eit digitalt verktøy for alle frivillige og gir deg oversikt over frivillig rydding i Noreg. I Rydde kan du mellom anna melde deg på andre sine ryddeaksjonar, registrere det du ryddar og melde inn forsøpla område.

Les meir og last ned appen Rydde.