Denne artikkelen er over 1 år gamal og kan innehalde utdatert informasjon

Stønad frå GassROR IKS til lag og organisasjonar som vil realisere små tiltak

No er det mogleg å søkje midlar frå "Småtiltakspotten" til GassROR IKS.

Kven kan søkje?

Lag og organisasjonar kan søkje om stønad. Det vil bli lagt vekt på eigeninnsats som dugnad og andre bidragsytarar, som til dømes sponsormidlar og gåvemidlar.

Kva er mindre tiltak?

  • Mindre tiltak er tiltak som har eit totalt budsjett på maksimalt 100 000 kr. Du kan søkje om stønad på inntil 50 000 kr.
  • For prosjekt på inntil tre år kan du søkje om inntil 150 000 kr. Det totale budjsettet her kan maksimalt vere 300 000 kr.

Korleis søkje?

Fyll ut GassROR sitt elektroniske søknadsskjema.

Gå til søknadsskjemaet

Dette må søknaden innehalde

  • Namn på ansvarleg kontaktperson
  • Lag/foreining sitt namn og kontaktinformasjon, eventuelt organisasjonsnummer
  • KOrt beskriviing av tiltaket
  • Tid for planlagt oppstart og avslutta tiltak
  • Budsjett med kostnader og inntekter
  • Eventuelle tilleggsopplysningar, som til dømes samarbeidspartnarar, anbefalingsbrev og liknande

Søknadsfrist

Søknadsfrist er to gonger i året:

  • 1. april innan kl. 12.00 - vert behandla innan utgangen av april
  • 1. september innan kl. 12.00 - vert behandla innan utgangen av oktober

Har du spørsmål?

Ta kontakt med Arnt Sommerlund i GassROR IKS på mobil 900 88 300.