Denne artikkelen er over 1 år gamal og kan innehalde utdatert informasjon

Stoffskiftekurs 2022

Har du lågt eller høgt stoffskifte eller er pårørande til nokon med lågt eller høgt stoffskifte? Då kan dette kurset vere interessant for deg.

Medisinsk poliklinikk Molde, Lærings- og mestringssenteret og Stoffskifteforbundet arrangerer kurs om lågt eller høgt stoffskifte. Kurset går over to dagar.

Dato, tid og stad

  • Dato: 1. og 14. juni 2022
  • Tid: kl. 8.30-14.00
  • Stad: Festsalen på Molde sjukehus

Ingen servering, men det er mogleg å kjøpe seg mat på sjukehuset si kantine.

Påmelding

Ønskjer du å delta, må din fastlege sende elektronisk henvisning til medisinsk poliklinikk Molde. Skriv på henvisninga dersom pårørande ønskjer å delta saman med deg.

Påmeldingsfrist

Frist for påmelding er 18. mai 2022.

Kva koster det?

  • Eigenandel kr 375,-
  • For deg med frikort er kurset gratis

Program

Kontakt

Ved spørsmål kan du ta kontakt med Lærings- og mestringssenteret på telefon:

  • 930 91 816
  • 71 12 09 95
  • 71 12 09 99